Hopp til innhold

Her ber dei tusenvis av tilsette om å fjerne TikTok på privat mobil – det vekker reaksjonar

Vestland fylkeskommune går lengre enn dei fleste i sitt nye TikTok-forbod for tilsette. – Uhøyrt, meiner Utdanningsforbundet

Vestlandshuset

KONTROVERSIELL: Sidan Nasjonalt tryggingsorgan har åtvara mot bruken av den kinesiske appen TikTok, har fleire arbeidsgjevarar bede dei tilsette å fjerna appen.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Det har storma rundt TikTok i det siste.

Heilt sidan Nasjonalt tryggingsorgan kom med ei tilråding om å fjerna appen frå jobbtelefonen, har fleire tatt farvel med den kinesiske appen.

Vestland fylkeskommune går no endå lenger.

I eit internt skriv til dei tilsette opplyser fylkeskommunen at alle som har TikTok på tenestetelefonen, må fjerna han.

Har dei privattelefon, må dei velja mellom å ha appen, eller å ha tilgang til interne digitale tenester, som Teams og e-post.

– Sidan det gjeld private telefonar, er det heilt uhøyrd at arbeidsgjevar skal bestemma kva dei tilsette skal ha på sine telefonar, seier Terje Skyvulstad.

Han er 1. nestleiar i Utdanningsforbundet, og syns ikkje noko om enten eller-løysinga til fylkeskommunen.

Fylkeskommunen i Vestland har rundt 6000 tilsette som jobbar med skular, vegar og tannhelseteneste.

Nestleder i Utdanningsforbundet, Terje Skyvulstad

1. nestleiar i Utdanningsforbundet, Terje Skyvulstad, likar ikkje løysinga Vestland fylkeskommune har gått for.

Foto: Stig Weston

Mange lærarar får beskjeden

– Så viss alle hadde fått tilbod om ein tenestetelefon hadde problemet vore løyst?

– Ja, absolutt, slår Skyvulstad fast.

Det er få lærarar som har tenestetelefon. Han meiner dette handlar om at lærarar si vilje og ynskje om å vera tilgjengelege for elevar og foreldre har blitt ei sovepute for mange arbeidsgjevarar.

Fleire fylkeskommunar, mellom anna Rogaland har lagt seg på same linje.

Paal Fosdal, som er avdelingsdirektør for IKT og digitalisering, seier dei berre føl anbefalinga frå Nasjonalt tryggingsorgan.

– Den meldinga me sende ut går i hovudsak på ut at desse appane skal fjernast frå tenestetelefonar. Men me har ingen sperre på at ein skal kopla seg opp via privattelefon til våre interne digitale tenester, seier Fosdal.

Det vil seie at viss tilsette vil ha TikTok på sin private telefon, må dei fjerna til dømes e-posttilkoplinga på same telefon.

Vestland fylkeskommune ber tilsette fjerne Tiktok

Tenestetelefon? Fjern TikTok. Privat telefon? Fjern TikTok eller interne tenester.

Foto: Skjermbilete / Vestland fylkeskommune

Jusprofessor: Mindre fleksibilitet eller jobbtelefon

Hans Fredrik Marthinussen er professor i jus på Universitetet i Bergen. Han meiner det ikkje er noko i vegen for at ein arbeidsgjevar oppfordrar til å vera forsiktig.

Det er heller ikkje problematisk at arbeidsgjevar set føringar på jobbtelefonar.

Marthinussen seier at det kan føra til at arbeidstakarar ikkje lenger er så tilgjengeleg utan dei interne tenestene.

– Arbeidsgjevar må då kjøpa jobbtelefon til mange tilsette, eller risikera at fleksibilitet går tapt, skriv Marthinussen til NRK.

Hans Fredrik Marthinussen

Jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen meiner det er lov av arbeidsgjevarar å oppfordra tilsette til å vera forsiktige.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Delta og NITO: Ei grei løysing

Andre fagforeiningar er meir på linje med kva Vestland fylkeskommune har vald å gjera. Simen Baastad er advokat i Delta, og seier at dette er ei grei løysing.

– Det knyter seg til at kvar tilsett har eit ansvar for å vareta teieplikta i arbeidet sitt. Dette er ei løysing som ikkje grip inn i kva dei tilsette kan ha på telefonen sin, seier Baastad.

Han seier at dei einaste ein arbeidsgjevar kan styra er tilgang til dei interne systema.

Simen Baastad, Delta

Simen Baastad i Delta meiner det er ei ok løysing at ein får valet mellom TikTok og interne digitale tenester.

Foto: Delta

Fagforeininga NITO er langt på veg einig. Beate Sire Dagslet er advokat i NITO, og meiner òg at løysinga er gangbar.

– Det å seie at viss dei ikkje vil fjerna TikTok må dei fjerna tilgangen til systema til arbeidsgjevar, så tenker eg det er greitt, seier Sire Dagslet.

Ho understrekar likevel at viss arbeidsgjevar forventar at dei tilsette er tilgjengelege for å logga inn på interne tenester utanfor arbeidstida, bør dei bli tilbode tenestetelefon.

NRK har vore i kontakt med dei største fagforeiningane for å høyre kva dei syns om saka. Norsk Sjukepleiarforbund og Fellesforbundet ynskte ikkje å kommentere saka.

I ein e-post til NRK skriv Gullik Gundersen, som er nestleiar for Nasjonal Cybertryggleikssenter i NSM at dette er ein tilråding, ikkje et forbod. Det blir opp til kvar enkelt instans å vurdere om dei vil følga tilrådinga.

Hei!

Har du tilbakemeldingar på denne saka, eller ynskjer å tipsa om andre tema som opptar deg?  Send meg gjerne en e-post!