Hopp til innhold

Vestavind Kraft til Bergen

Styret i Vestavind kraft tilrår eigarane å opprette eit nytt selskap for vindmøller til havs, lokalisert til Bergen.

Illustrasjon av vindmøller til havs
Foto: Nyhetsspiller

Vestavind Kraft har i dag base på Sandane.

Styreleiar Ole Bjørn Alvestad seier lokalisering av det nye selskapet til Bergen ikkje skal gå ut over Sandane.

Vestavind kraft har sju eigarar, mellom dei Sognekraft, Sunnfjord energi og SFE, og satsar på vindkraftutbygging mellom Haugalandet og Sunnmøre.

- Ingen gode argument for flytting

Heilt sidan det vart kjent at Vestavind kraft jobba med å etablere eit nytt selskap for offshore-vindkraft, lokalisert til Bergen, har det møtt motstand i Sogn og Fjordane.

Arvid Lillehauge

Arvid Lillehauge, styreleiar i SFE

Foto: NRK

Sogn og Fjordane tek mål av seg å vere i førarsetet for offshore vindkraft her i landet, og styreleiar i SFE, Arvid Lillehauge seier ingen så langt har overtydd han om at Vestavind treng eit nytt selskap og at det eventuelt må ligge i Bergen.

- Vil halde fram kampen

Fylkesvaraordførar Tor Bremer kjenner ikkje kva argument styret brukte i går, men meiner at sjølv om offshore-satsing på vindmøller er ny teknologi som krev mykje pengar og fagleg ekspertise, kan selskapet plasserast her, og vil halde fram kampen.