Og det var vesle lesba, midt i jolanatt.
Stjernene blenkte, men ho var matt.
Det var ikkje rom der heime for slike som ho,
ho fraus og skalv - kvar gjekk ho no?
Ei vesal vestlandslesba på livets veg,
som hulka sårt for kvart såre steg.
På veg frå barndomsheimen på ein jolakveld.
Det er trist, så trist at det nesten held.
Men berre nesten, for soga held fram.
Soga om den vesle jenta, eit lesbelam.
Åleine i jolanatta, tamtaratamtam.
Å, dagen hadde jo starta så fint.
Jola dreiv vekk det strenge, noko hadde tint.
Ute fall jolasnøen varleg mot jorda,
den vesle lesba øvde seg på dei store orda.
Dei voks i munnen og pressa seg fram:
Øh, det er noko eg... kremt, host og stam.
Familien såg på jenta og venta,
men i dei fromme blikka var det lite hjelp å henta.
Så song sylvguttane, og verda ringte jola inn.
Den vesle lesba tenkte på eit mjukt og varleg kinn.
Det ho hadde stroke handa si mot der i by'n,
den gongen ho vart slått til jorda av eit lyn.
Lynet var Kari-Birte frå Hardanger,
etterpå kom den lunefulle Lise ifrå Manger.
Bylivet hadde vore hardt, men så uendeleg rett.
Å, om hennar eigne berre kunne sett!
Andre runde med pinnekjøtet.
Ho hadde knapt kjensler i sine eigne føte'.
Ho skalv og dirra, hakka og rista.
No kom det, det fekk bera eller brista.
Klokkene kima, tida stod stille.
Tre små ord, kunne det vera så ille?
Ho tok sats, ho kjende ho sveva.
No var det sagt, det var slik ho ville leva.
Rundt bordet vart det stille av gispande andedrag,
før far spytte pinnekjøtet og knytte neven til slag.
Jolafreden vart til eit frodande raseri.
Berre oldemor på nitti var like blid.
Men ho var døv, slik var no den saka.
Mor derimot tenkte på alt ho hadde baka.
For di skuld, sa ho, og dette er takka!
Far reiste seg og ba veslelesba pakka.
Ute var isande kaldt og stjerneklart.
Den vesle lesba trødde snøen så varleg vart.
Snøen, ja, snøen, han var silkemjuk,
så god å stryka, tenkte jenta febersjuk.
I ørska såg ho faren i prestekappa.
Ha lo imot der på himmeltrappa.
Før han skubba ho ned i eit flammehav.
Ho visste kva det var, si eiga lesbegrav.
Så strauk ho snøen ein siste gong.
Og skjøna lite, då einkvan song.
Tonane var vakrare enn noko her i verda.
Slikt, tenkte jenta, har lite i helvete å gjere.
Dei fann ho i mai då snøen rann vekk,
og snart fekk alle nyss i ordet som gjekk,
om ho dei fann like varm etter aldri så lenge,
og om smilet og dei ferske spora etter englevenge.
Frå boka Då gamlemor baka seg i hel (Alma Mater/NRK P1)
Forfattar: Linda Eide (NRK P1)
Teikningar: Ingebjørg Jensen
Illustrerande musikk: Torbjørn Ellingsen