Det var eit forferdeleg syn.
Ordet gjekk frå bygd og grend til by'n.
Om han dei fann i sitt eige feitt,
eit menneske - langt, men like breitt.
Det var sjølvaste millionæren som låg der.
Han med alle aksjane i shippinginvestmentaffair.
Og alt anna med shipping og holding,
no likna han mest ein oppattgraven olding.
Ingen kjende eigentleg millionæren.
Dei skydde han lik den villaste væren.
Sjølv sat han i det store huset og åt
og reiste seg berre for å omregistrera ein båt.
Men no var jola her,
for fattig og for millionær.
Vener møttest, og familiar lo.
Millionæren var åleine, sjølv om kroppen var lik to.
Han sat der med panoramautsikt,
ikkje det at han likte slikt.
Men det var dyrt, det kunne alle sjå,
og ingen våga å ringje på.
No kima jolaklokka til høgtid og til fest.
Millionæren gjorde det han lika aller best.
Han sette seg til bords og åt for femti maga'.
Maten kom frå hotellet, ferdiglaga.
Eit berg var det han hadde tinga.
No kunne jolaklokka berre ringja!
Kven sakna vel gode vener og slekt,
når svoren på ribba var heilt perfekt?
Svinekjøtet glei ned så feittet skvatt,
fleirfaldige kilo, det gjekk heilt glatt.
Ein tanke streifa hans filippinske mannskap,
han slo den vekk med eit kjemperap.
Pinnekjøtet var røykt og glei ned like lett.
Han tenkte på kontordama, bleik og aldri mett.
Heva lønna, tenkte han plutseleg, varm og lun.
Men tanken dampa vekk i ein saftig bit kalkun.
Nei, kvar var sin eigen lykkesmed.
Han tok den siste svinebiten og ertestua han ned.
Magen este, og han stønna der han sat.
Men jolakvelden var ung, og enno var det mat.
Åtte stolar måtte til for å gi kroppen plass.
Slik sat han fanga i sitt millionærpalass.
Utanfor blenkte stjerna klart, det var godvêr.
Millionæren brydde seg mest om neste dessert.
Karamellpuddingen smelta på tunga i litervis.
Han slafsa vidare til kransekakas pris.
Magen var no så stor at armane var små,
men riskrem skulle han ha, det måtte berre gå.
Han langa ut, men magen var lengre enn armen.
I ein blink tenkte han på alt det som låg i tarmen.
Men millionæren gav seg slett ikkje på topp,
han tok sats mot riskremen, i eit kjempehopp!
Kroppen lét seg sjølvsagt ikkje rikka,
i staden tok heile mageskinnet til å sprikka.
Og då sylvguttane song deilig er jorden i unison,
forsvant millionærens mage i ein diger eksplosjon!
Slik låg han altså og bada i sin eigen magesekk.
Dei la han fram på torget til advarsel og skrekk.
Så ingen skulle gløyma kva einsemd inneber,
at det er like ille for den rikaste millionær!
Frå boka Då gamlemor baka seg i hel
(Alma Mater/NRK P1)
Forfattar: Linda Eide (NRK P1)
Teikningar: Ingebjørg Jensen
Illustrerande musikk: Torbjørn Ellingsen