Ferje på Nærøyfjorden. Foto: NRK
I går vart det bestemt at Nærøyfjorden kom med på UNESCO si verdsarvliste. Og bygdefolket har allereie på førehand kome med krav om heilårsferje på fjorden dersom dette skulle skje, for i dag går turistferjene berre om sommaren. Heilårsferje vil sikre inntekter og fleire turistar, meiner dei.
- Ikkje god nok økonomi
Men trass i ny status for fjorden vil Fylkesbaatane ikkje starte med heilårsferje, seier administrerande direktør Stig Kristoffersen. Det er vanskeleg å få god økonomi i ei slik ferjedrift som heilårstilbod, seier han.
Kristoffersen er også i tvil om det blir ein turisteksplosjon. Han vil i alle høve ikkje planlegge noko før ein har kartlagt kva konsekvensane den nye UNESCO-statusen faktisk får. Han ser ikkje noko løysing dei næraste tre til fem år.