Sjølv om det ikkje er oppdaga pærebrann i kommunane Os, Fusa og Kvinnherad, er det frå no av forbode for birøktarar å flytta på bikubane sine i desse kommunane.
Bier har skulda
Årsaka er at biene truleg er den viktigaste grunnen til at pærebrann no breiar om seg.
- Me ønskjer å ha ei buffersone mot viktige fruktdistrikt, seier seniorrådgjevar Petter Brekke i Mattilsynet.
I går kveld starta ei ny runde i kampen mot pærebrannen. Sjukdomen, som tar knekken på blant anna pære- og epletre, er på full fart mot Hardanger.
Spreier seg nordover
I går blei sjukdomen oppdaga i Gulen i Sogn og Fjordane, og då er 20 kommuner på Vestlandet ramma.
No har Mattilsynet funne ut at det er biene som har skulda, og legg ned forbod mot å flytta på bikubar i alle kommunar som har smitte.
Dette gjeld også i dei kommunane som ikkje har sjukdommen, men som grensar opp til Hardanger.
- I tillegg har me innført flytteforbod i i tre kommunar kor me ikkje har påvist sjukdomen. Av vernehensyn mot fruktdistrikta har me funne det naudsynt med dette tiltaket, fortel Brekke.
Ingen planter over grensa
I tillegg til forbod mot å flytta på bikubar, er det óg lagt ned forbod mot å flytta fleire planteslag mellom kommunane på Vestlandet.
Samstundes er arbeidet allereie igong med å hogga ned sjuke tre langs heile kysten.