Ved Øyrane Vidaregåande Skule i Førde har dei no venteliste med elevar som vil lære byggfag.
Dette gler avdelingsleiar Atle Helleseth.
- Ja, vi har veldig god søknad til desse klassane våre, i år kunne vi faktisk hatt to klassar meir på grunnkurs og minste ein til på tømrarfag.
- Kva trur du er grunnen til dette?
- Faget i seg sjølv er interessant og det er veldig lett å få seg jobb i byggfag i dag.
- Korleis merkar de her på skulen at det er så stor aktivitet?
- Eg har alt no i dette skuleåret fått fleire telefonar frå privatpersonar som vil at vi skal ta oppdrag for dei.