Hopp til innhold

Venta i sju år på erstatning – kan måtte vente tre år til

Marita Aarvik har kjempa ein årlelang kamp for erstatning etter feiloperert skulder. No kan ho måtte kjempe i fleire år til. Ho er ikkje åleine.

Marita Aarvik

LEI SEG: Marita Aarvik har venta i mange år på å få erstatninga ho har krav på.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er ein forkasteleg måte å behandle folk på, seier Marita Aarvik.

Aarvik søkte om pasienterstatning fordi skuldra hennar vart feiloperert. Sjukehustabben førte til store smerter, og ho er tvungen til å jobbe deltid.

Staten innrømte tidleg erstatningsansvar, men brukte etterpå sju år på å kome fram til erstatningssummen på 300 000 kroner.

Aarvik har nyleg klaga på erstatninga. Går saka til klageorganet Helseklage kan ho måtte vente i årevis også der.

– Det har vore forferdeleg tungt. Det heng i lufta utan at du blir ferdig med det, seier Aarvik.

Regjeringa: - Folk ventar for lenge

– Sakshandsamingstidene både hjå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) og Helseklage er for lange. Vi har stor forståing for at det er belastande for pasientane, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Maria Jahrmann Bjerke (H).

For Aarvik er ikkje åleine. I gjennomsnitt må folk vente i 9,5 månader på om dei har krav på erstatning frå NPE. Deretter tek det ytterlegare 13 månadar å fastsette erstatningssum.

Klagar ein avgjerda til Helseklage var ventetida i utmålingssaker i gjennomsnitt 33 månadar i 2018. 17 månader i saker som handlar om sjølve erstatningsansvaret.

– Vi har sett i gang fleire grep for å betre på dette, mellom anna løyver vi meir pengar, seier Bjerke.

Har forståing for at det er krevjande

Kommunikasjonsdirektør i NPE Øydis Ulrikke Castberg, seier dei vil kutte tidsbruken.

– Men det vil alltid vere saker der vi må vente for å sjå omfanget av skaden over tid, seier Castberg.

I Aarvik sitt tilfelle har NPE venta på tiltak og oppfølgingar frå NAV.

– Vi må ha kunnskap om omfanget av skaden, og kva konsekvensar den får for pasienten sin moglegheit til å jobbe, seier ho.

Flyttelass og babyboom skapte klagekø

Også Helseklage ynskjer å kutte ventetidene, der er målet 17 månadar i gjennomsnitt i løpet av året.

I 2017 vart Helseklage flytta frå Oslo til Bergen. Det gjekk utover saksbehandlingstida.

– Det var berre to av om lag 100 tilsette med på flyttelasset. Vi har rekruttert mange nye tilsette i Bergen, men det tek tid å byggje opp naudsynt kompetanse og erfaring, seier senior kommunikasjonsrådgjevar Marit O. Øvregård.

I tillegg har mange av dei nye tilsette fødselspermisjon.

– Vi har babyboom i Bergen. For tida er om lag 15 tilsette i fødselspermisjon, forklarar Øvregård.

Høie åpner det nye Helseklage

OPNING: Helse- og omsorigsminister Bent Høie i Bergen 5. januar 2017, der han åpnar den flytta statlege arbeidsplassen Helseklage.

Foto: Christian Lura / NRK

– Livet er sett på vent

Marita Aarvik sit med ei dårleg kjensle.

– Å vente så lenge som dette set livet på vent. Ein må setje eit tak på kor lenge folk skal vente, seier Aarvik.