Hopp til innhold

Vegvesenet: – Vent med turen over fjellet

Meteorologane ventar storm på utsette stadar og i fjellet. – Ein burde halde seg oppdatert på kva Statens vegvesen melder, seier Lars Andreas Selberg.

Sognefjellet, rv. 55

FV. 55: Sognefjellet har vore stengt og vil vere stengt inntil vidare.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Meteorologen åtvarar om dårleg vêr, og seier ein burde halde seg oppdatert på trafikkmeldingar og vêrmeldingar om ein skal ut å reise. Det er eit kraftig lågtrykk som ligg aust for Island som vil føre til mykje vind.

– Det er meldt såpass mykje vind at ein burde vurdere å utsette turen over fjellovergangar, seier meteorolog Lars Andreas Selberg.

Laurdag vert det meldt om periodevis sterk kuling utsette stadar. Snøgrensa vil ligge på 600 til 800 meter.

Laster Twitter-innhold

Vanskelege køyreforhold

Kombinasjonen av snø og vind gjer at det vert dårleg sikt i fjellet.

– Det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold over fjellovergangane, får NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen vest.

Fv. 55 over Sognefjellet er den einaste fjellovergangen som er stengt. Sognefjellet har vore stengt sidan fredag på grunn av uvêr, og det vert tatt ei ny vurdering kl. 8 søndag.

Her er status for fjellovergangane i Sør-Noreg i 07.30-tida laurdag:

  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Open. Vekslande snø- og isdekke.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Open. Snø- og isdekke.
  • E16. Filefjell: Open. Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • E134. Haukelifjell: Open. Vekslande bert og vått.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Open. Snø- og isdekke, vanskelege køyreforhold på grunn av regn som frys på bakken.
  • Fv. 51 Valdresflye: Stengt på grunn av uvêr. Opnar kl.8.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Open. Vekslande bert, snø- og isdekke.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Open. Vekslande snø- og isdekke og tynn is, fare for glatte parti.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Open. Snø- og isdekke.
  • Fv. 243 Aurlandsfjellet: Vinterstengt.
  • E6. Dovrefjell: Open. Vekslande bert og vått.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Open. Snødekke, fare for glatte parti.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Stengt på grunn av uvêr.

Sjå også: Trafikkmeldingane frå Statens vegvesen (ekstern lenke)

Hemsedalsfjellet -

Slik ser det ut på rv. 52 over Hemsedalsfjellet, fredag kveld.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen