Hopp til innhold

Vegtrafikksentralen fryktar E16 blir stengt: – Eg torer nesten ikkje tenke tanken

Vegtrafikksentralen fryktar store forseinkingar på E16 mellom Bergen og Voss i dag. I verste fall kan vegen verte stengd. Bakgrunnen er at det kan vere rasfarleg på staden, seier Ronny Sleire, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.

Geolog skal ta ei vurdering av området, men det er uvisst kor tid vedkommande kjem.

I går ettermiddag vart det stengt mellom Langhelletunnelen og Bogetunnelen, og etter kvart manuell dirigering med leiarbil mellom tunnelane.

Bakgrunnen var eit ras utanfor Langhelletunnelen. Då brannmannskap kom ut for å rydde dette vekk, oppdaga dei rasmasser i bevegelse og fleire andre ustabile tre i skråninga like ved, forklarar Sleire.

I går og i natt har rasmassene blitt rydda vekk og ryddejobben blei avslutta på morgonen. Men framleis er det ein del rasmasse i området.

Det er eitt køyrefelt som er stengt. Leiarbilen som gjekk mellom tunnelane i går, har gjort dette i dag og vil halde fram utover.

– Strekninga innover mot Bogelia og Bogetunnelen er den mest rasutsatte på heile denne vegen, seier Sleire.

Det er mykje trafikk på vegane sidan det er påske. I tillegg er jernbanen stengt, og det er difor meir godstrafikk på vegen.

– Det skal lite til for at det blir mykje opphoping av trafikk, som då skjer i eit veldig rasfarleg område, seier Sleire.

E16 kan verte stengt på kort varsel.

– Eg torer nesten ikkje tenke tanken på det, seier trafikkoperatøren.

Han viser til at det i så fall blir omkøyring på fv. 49 og fv. 79 om Hardanger. Dette er vegar der det er smalt og lite eigna for tungtrafikk.