Hopp til innhold

Vedtok å kutta på Tronvik

Styret i Helse Førde vedtok i dag å flytte posten for pasientar med tunge psykiske lidingar frå Tronvik i Høyanger til Førde.

Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik

NO ER DET ENDELEG: Post 4 på Tronvik vert flytta til Førde.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Post 4 på Tronvik har siste tida stått utan pasientar, og administrasjonen i Helse Førde skal no arbeide vidare med organisering og storleik på dette tilbodet.

– Det har lege i korta lenge at det kom til å skje. No er det vedteke, so no må me ha fokus på kva arbeidsplassane, den gode fagkompetansen og ikkje minst bygningane som blir ståande tomme, kan brukast til, seier Marianne Strandos, tillitsvald for sjukepleiarane innan psykisk helsevern på Tronvik og i Førde.

– Svekkjer Tronvik

– Me er litt nyfikne på kva tilbod dei pasientane som høyrer til denne posten får no, og om det er godt nok. Men det reknar eg med vert diskutert høgre oppe i systemet også, seier ho.

Tronvik

SPENTE PÅ KVA SOM SKJER: Marianne Strandos og Petter Ratvik er tillitsvalde på Tronvik. Strandos er spent på kva som skjer med fagkompetansen, arbeidsplassane og bygningane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Styret bad administrasjonen om å ta vare på den fagkompetansen som i dag er ved denne posten på Tronvik.

– Sjølvsagt svekkjer det Tronvik som institusjon å fjerna ein av dei tre avdelingar som er her. Me har to andre avdelingar som er fullt oppegåande og fungerer veldig bra, men for Tronvik som heilskap er det ikkje bra at ei avdeling blir lagt ned, seier Strandos.

Må spare 100 millionar

Helse Førde må greie å spare 100 millionar kroner på drifta i fireårsperioden frå 2014 til 2018.

Det må dei gjere for å greie å auka kostnader på mellom anna ambulansetenesta, datasystem, rusposten på Eid og nye legestillingar.

Det går fram av langtidsbudsjettet som styret vedtok i dag.

Etter dei store omstillingane som tilsette har vore gjennom, vart dei lova rolegare tider, men styreleiar Jorunn Ringstad kan ikkje love fullstendig omsstillingsfri.