Hopp til innhold

Vått, våtare, våtast på Vestlandet

Er du blant dei som synest det har kome nok regn det siste døgnet? Då bør du ikkje lese denne saka.

Flaumvatn i vegbana ved Velure på fylkesveg 550.

Slik såg det ut på fylkesveg 550 mellom Odda og Utne tysdag føremiddag.

Foto: Arvid Aga

Flaum stengjer vegen ved Løno like nord for Voss.

E 16 ved Løno er stengt på grunn av flaum. Dessverre ser det ikkje ut til at vëret skal betrast.

Foto: Arnfinn Karslen

Ved Løno, like nord for Voss, er E 16 stengt på grunn av flaumen og dei veldige kreftene den har sett i sving. Vegvesenet vurderte ei stund å sleppa større bilar, som vogntog, forbi – men då dei forsøkte, heldt vegen på å rasa saman.

Vegvesenet jobbar no både med helikopter og gravemaskin for å løysa opp enorme ismassar som ligg i elva og sperrar. No trugar is- og vassmassane med å sprenga Grjotlandsbrua.

Vegvesenet jobbar med helikopter for å fjerna is.

Vegvesenet jobba på spreng med å fjerna is frå elva ved Løno, nord for Voss, tysdag. Grjotlandsbrua står i fare for å verta riven vekk.

Foto: Arnstein Karlsen

Bilistane pressar seg fram

Kvamskogen, Hardanger og området omkring Voss er altså blant dei som har fått merka vassmengdene best. NRK sin reporter på Kvamskogen, Oddgeir Øystese, kunne tysdag føremiddag fortelja om nærast kaotiske tilstandar då bilistane nekta å godta den stengde vegen:

– Eg såg nett ein personbil med vatn opp til panseret, som likevel prøvde seg på å komma forbi. Omtrent halvparten av bilane gir blaffen og køyrer trass i flaumen.

Reporter Oddgeir Øystese
Løno ved Voss råka av flaum.

Euopaveg 16 like nord for Voss likna meir på ei elv enn ei vegbane. No er det umuleg for bilistar å koma fram.

Foto: Arnstein Karlsen

– Det er jo litt av eit syn, ei rekke personbilar som tek fart og skal over det som har vorte ei elv. Resultatet er nokre merkelege harkelydar frå motoren, og eit par skilt og litt slikt som ligg att her, legg han til.

Tysdag føremiddag sendte Noregs Vassdrags- og Energidirektorat NVE ut flaumvarsel for Vestlandskysten, frå Hordaland og heilt opp til Sør-Trøndelag.

Der er utsiktene klare: Regn og snøsmelting vil føra til auka vassføring frå og med natt til onsdag. Dermed er det fare for isgongar, tette bekkeløp,røyr og slukar – og ikkje minst, auka fare for sørpe- og jordskred.

Vatnet gjorde stor skade ved Velure tysdag.

Ein fruktbonde på Velure fekk flaumvatn inn over frukttrea sine under flaumen tysdag.

Foto: Arvid Aga

Les også:

| Nedbørsrekord | 40 vegar stengt av flaum på Vestlandet |

...Og verre skal det bli!

På grunn av tele i jorda, vert vassmengdene tvinga opp i overflata. Men på grunn av usikre utsikter for temperaturane, er det umuleg å seie kvar nedbøren vil koma som regn, og kvar det vil falla snø. Det som er sikkert, er at meterologane spår meir nedbør dei komande døgna.

Les heile flaumvarslet frå NVE her.