Hopp til innhold

Vart urinert og spytta på

Pressefotograf Trond Teigen opplevde at ein supporter prøvde å urinere på han mens han tok bilete under kampen mellom Sandefjord og Brann. Fotografen vart også spytta på. – Du blir forbanna, men også veldig forundra over at vaksne menneske kan få seg til å gjere slikt, seier Teigen til NRK. Ein mann i 40-åra frå Bergen er mistenkt. Det var BA som melde om episoden først. – Det er fullstendig uakseptabelt, kommenterer dagleg leiar Vibeke Johannesen i Brann til avisa.

Sandefjord-Brann
Foto: Geir Eriksen / NTB