Hopp til innhold

Varslar mykje regn

Det er sendt ut gult farevarsel for mykje regn i heile vestland komande onsdag.

Lokalt kan det kome mellom 50–80 millimeter regn på 12 timar, melder Meteorologisk institutt.

Nedbøren kan kome som snø og sludd tidleg på morgonen, og i høgtliggande strok. På ettermiddagen vil det gå over til regnbyer.

Nedbøren kan skape problem, ifølge statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

– Det er fare for overvatn og lokalt vanskelege køyreforhold, seier ho.

Vêrkartet syner store mengder nedbør er venta på vestlandet.
Foto: Meteorologisk institutt