Hopp til innhold

Krev betring for "Kystradioen"

Brot på ein fiberkabel førte til at Kystradioen vart slått ut under romjulsorkanen. No krev Fiskarlaget opprydding.

Slik har "Dagmar" herja i Florø
Foto: Truls Kleiven

Midt under det verste uvêret på Vestlandet sidan 1992 vart Kystradioen slått ut. VHF er det viktigaste bindeleddet til omverda for båtane som går langs kysten, men i fleire dagar fungerte ikkje dette sambandet.

Jarl Magne Silden, som er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, meiner det er svært urovekkjande at brot på ein einaste fiberkabel kunne slå ut den viktige Kystradioen.

– Dette går hardt ut over tryggleiken til dei sjøfarane. Og det er spesielt ille at den blir vekke så lenge, seier Silden til NRK.no.

Tidlegare har fiskebåtskipper Nils Myklebust etterlyst strengare krav til reservestraum på land. Han meiner det er svært skremmande at Telenor og naudsambanda ikkje vert møtt med same krav om reservestraum som større båtar til havs.

Vart sett ut av eitt lite kabelbrot

Natt til andre juledag slo ekstremvêret «Dagmar» til, og frå dagen etterpå var det umogleg for sjøfarande å kommunisere via Kystradioen. Frå Sognefjorden til Vega i Nordland var det heilt tyst på VHF-anlegget.

Det fekk båtane som går langs kysten merke. For dei som ikkje er utstyrte med satellittelefonar er VHF-sambandet til Kystradioen eit svært viktig kontantledd med både andre båtar og fastlandet.

Men eitt lite kabelbrot var alt som skulle til for å setje radioen heilt ut av spel.

– Dette viser kor forferdeleg sårbare vi har gjort oss sjølve. Før når det var bemanna kyststasjonar langs kysten, då slapp vi desse kablane mellom og faren for å oppleve slike brot, seier Silden.

Lovar å sjå på problemet

Silden krev no at basestasjonane til Kystradioen må ha alternative bindeledd til kvarandre. I Telenor Maritime Radio, som har ansvaret for Kystradioen, vil dei no sjå på dette.

– Vi har vore sårbare for denne typen sambandsfeil, så dette må vi analysere. Det skal vere alternative sambandsvegar, men her har det vore ein fiberkabel som har vore utsett til. Dette skal vi sjå på, seier direktør Ånund Haktorsen.

Fiskarlagsleiaren i Sogn og Fjordane er glad problemet blir teke på alvor.

– Dette gjeld tryggleiken til dei som ferdast på sjøen, så dette er viktig.