Hopp til innhold

Varslar flaumfare langs kysten

Det er sendt ut gult farevarsel for flaumfare som gjeld for onsdag til og med torsdag morgon.

Årsaka er at det er venta uvanleg mykje regn onsdag, opp til mellom 50 og 80 millimeter regn på 12 timar.

Farevarselet gjeld langs store delar av norskekysten frå Agder til Trøndelag.

Det er fare for flaum i tettbygde område og høg vassføring i bekkar og elvar.

Folk blir oppmoda om å reinse stikkrenner, kummar og andre vassvegar.