Hopp til innhold

Varslar barnevernet etter ny kveld med ungdomsbråk

Fulle ungdommar og amper stemning i Bergen sentrum for fjerde kvelden på rad. – Fleire hadde blitt arrestert hadde det ikkje vore for deira unge alder, seier politiet.

Bråkande ungdom på Torgalmenningen

RYKKA UT: Kvar kveld i haustferien i Bergen har politiet måtte rykka ut til sentrum. Her frå tysdag kveld, då 40 ungdommar måtte bli vist bort.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Politiet i Bergen hadde sin fulle hyre med å halde styr på personar i alderen 16–20 i sentrum av byen i natt. I området Torget/Bryggen var det fleire slåstkampar og mykje bråk frå fleire titals personar som var ute på byen for å feste.

– Vi har hatt mykje arbeid med å kvele mange tilløp til slåstkampar og det har også vore fleire ungdommar som er send til legevakta etter å ha blitt utsett for vald, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

Det er haustferie i Bergen, og nesten kvar kveld denne veka har meldingar om det same kome inn til politiet på kveldstid: Bråk, mindreårige og amper stemning rundt Torgallmenningen i sentrum.

Etter to kveldar med bråk begynte politiet å ta grep tysdag kveld. Då vart rundt 40 ungdommar vist bort frå Bergen sentrum.

– Vi har brukt store ressursar på å halde gjengane i sjakk, og måtte også hente inn politipatruljar frå andre stader i Bergen.

Det burde ikkje vore naudsynt for oss å bruke så mykje ressursar på dette.

Operasjonsleiar Morten Kronen

Varslar barnevernet

Etter fjerde kvelden på rad med bråk, vert det no sendt bekymringsmeldingar til barnevernet, skriv BA.

– Det gjer vi som rutine når vi treff barn og ungdom som er inne i det vi kan kalla ein uheldig utvikling. Då har vi ein plikt til å identifisera og handtera det så tidleg at det ikkje får gå lenger, seier operasjonsleiar Knut Dahl Mikkelsen.

Det er mellom anna snakk om fleire mindreårige som var så fulle at dei måtte køyrast heim av politiet.

– Vi har eit veldig godt samarbeid med barnevernet, og melder ifrå til dei så tidleg som mogleg så vi kan førebyggja.

– Kva gjer barnevernet i slike saker?

– Dei følger det opp og tar kontakt med familiane, og handterer dette annleis enn det politiet ville gjort.

Torget i Bergen ein oktobermorgon i 2016

BRÅK: Både her på Torget og på Bryggen har det vore mykje bråk mellom ungdommar i alderen 16 til 20 natt til fredag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

17-åring arrestert

To personar vart sende i arresten, medan minst ti personar er blitt politimeld etter at dei ikkje følgde politiets ordre.

– Fleire hadde nok hamna i arresten om det ikkje var for deira unge alder, legg Kronen til.

Ein av dei som vart arresterte var ein 17 år gamal gut. Politiet fekk ikkje tak i foreldra, og måtte difor ta hand om ungdommen.

Kronen seier det ikkje er same ungdommen som lagde bråk i natt som tidlegare i veka.

– Men det burde ikkje vore naudsynt for oss å bruke så mykje ressursar på dette. Ungdom burde vore i full stand til å forstå og følgje det politiet seier dei skal gjera, sukkar operasjonsleiaren.