Hopp til innhold

Ungdommar laga bråk for andre kveld på rad

Fem patruljebilar måtte til for å få kontroll over 40 høglydt og amper ungdom på Torgallmenningen tysdag kveld.

Bråkande ungdom på Torgalmenningen

HAUSTFERIE: Ungdom frå bydelane kjem til sentrum, bråkar og driv dank, ifølge politiet.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Mange ungdommar hadde samla seg ved Den blå steinen tysdag kveld, og stemninga var både høg og amper, seier operasjonsleiar Terje Nilsen i Vest politidistrikt.

Han fortel at ein av ungdommane klarte å springa tvers over den eine politibilen.

– Då me tok tak i han, kom resten av gjengen for «hjelpa». Ein er brakt inn til oss. Resten fått kraftig beskjed frå innsatsleiar om å halda seg vekke.

Bråkande ungdommar på Torgalmenningen

40 SINTE UNGE: Stemninga var amper då ei rekke politipatruljar kom til Torgallmenningen for å roa ned bråkande ungdommar.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Ubehageleg

Folk på Torgallmenningen opplevde situasjonen som ubehageleg.

Innsatsleiaren på staden fortel til NRK at det er ungdom frå bydelane som trekker inn til sentrum og skapar ordensforstyrring.

– Dette er andre dag på rad med mykje bråk i Bergen sentrum. Det er vel haustferien som gjer at dei driv dank, seier operasjonsleiar Nilsen.

Løyste seg

Utover kvelden forsvann til slutt store delar av ungdommen som hadde samla seg, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet til NRK onsdag morgon.

– Mange av ungdommar gjekk inn på bussar på veg vestover. Vi hadde fleire patruljebilar som følgde bussane for å følgje med. Frå 22-tida og utover var det betrakteleg rolegare i sentrum, fortel Rebnord.

Han har elles lite å melda frå ei svært roleg natt i politidistriktet.