Hopp til innhold

Var knappe 11 sekund frå bronse

Med storebror Bø ute av bilete, var det veslebror Johannes Thingnes Bø som fekk vise seg fram under NM-fellesstarten.

Johannes Thingnes Bø

SÅ NÆR BRONSE: Knappe 11 sekund var det som mangla for at Johannes Thingnes Bø hadde sikra seg bronse under fellesstarten i senior-NM.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og det vart nesten medalje på den unge skiskyttaren frå Stryn. Etter feilfri skyting på begge liggjande, gjekk det derimot litt verre på ståande. Her vart det først tre, og så to bom.

Men med god fart i sporet kjempa Thingnes Bø heilt i toppen, og han gjekk i mål knappe 11 sekund bak bronsevinnar Emil Hegle Svendsen.

– Det var masse bra. Sett vekk frå dei to ståande skytingane, så var alt perfekt, seier Johannes Thingnes Bø til NRK.no.

– Dette er moro

Han har følt at forma har vore stigande i det siste, både i sporet og på standplass går ting bra. Storebror Tarjei Bø har blitt sjuk og var ikkje med på fellesstarten. Om han hadde vore der trur veslebroren at det hadde blitt vanskeleg å slå han.

– Eg trur ikkje eg hadde slått han. kanskje med litt betre skyting, seier han lurt.

På toppen av pallen var det Rune Brattsveen og Lars Berger som kunne smile breiast, Hegle Svendsen karra seg akkurat over mål føre Thingnes Bø.

Sjølv om han veit at landslagseliten ikkje er i toppform synst Thingnes Bø det er veldig moro å plassere seg så nære dei i NM.

– Når dei er på sitt beste hadde dei nok slått meg med mykjemeir, men det er veldig kjekt å vere så nære sjølv om det er mot slutten av sesongen, seier Thinges Bø stolt.

Går første etappe

Søndag er det stafett for krinslag og Thingnes Bø skal gå første etappen for laget til Sogn og Fjordane. Med seg har han Håvard Bogetveit (Førde), Jarle Midthjell Gjørven (Markane) og John Eirik Meland (Markane).

– Vi er eit reint juniorlag som går i senior NM, så eg trr ikkje vi har nokon sjanse til på medalje, vedgår Thingnes Bø.

Sjølv ska han gjere sitt beste for å gje krinslaget eit best mogleg utgangspunkt.

– Eg har aldri gått første etappe før, så det blir moro. Vi får prøve å henge med så langt som det går, seier han.