Hopp til innhold

Byrådet i Bergen går av om det blir mistillit mot skulebyråden

Byrådsleiaren i Bergen stiller kabinettspørsmål om opposisjonen fremjar mistillit mot skulebyråden i Vigilo-saka. – Rett og slett frekt, svarar Høgre.

Byrådsleder Roger Valhammer

VARSLAR KABINETTSPØRSMÅL: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) seier til BA at byrådet går av om det blir stilt mistillit mot skulebyråden.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Til NRK bekreftar byrådsleiar Roger Valhammer at det vil bli stilt kabinettspørsmål om det blir fremja mistillit mot skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap).

– Det har eg eit samla byråd bak meg på. Høyringa i går bekreftar at byråden har handtert denne saka på best mogleg måte. Då meiner eg at det ikkje er sakleg grunnlag for mistillit, og eg stiller meg bak skolebyråden, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) til NRK.

Det var BA som først meldte om mottrekket til Valhammer.

Feil på feil under Vigilo-utrulling

Tysdag var det høyring i den sokalla Vigilo-saka i Bergen. Saka har bakgrunn i utrullinga av eit nytt kommunikasjonssystem mellom foreldre, skular og barnehagar.

Men i oktober 2019 vart det kjend at Bergen kommune mellom anna hadde gitt foreldre utan foreldreansvar tilgang til opplysningar om barn gjennom mobilappen Vigilo.

Det mest alvorlege var at ein far med besøksforbod, fekk tilsendt ein e-post med namnet på skulen barnet gjekk på.

– Når eg høyrer kva som kjem fram i dag, er det heilt klart langt meir alvorleg enn venta. Dette styrkar overhovudet ikkje tilliten vår til byråden, sa Høgre-politikar Marte Leirvåg til NRK etter høyringa.

Vigilo høyring Bergen

SKULEBYRÅD: Linn Kristin Engø (Ap) saman med kommunaldirektør Trine Samuelsberg under høyringa i Vigilo-saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Mistillit mot heile byrådet

Også fleire parti i opposisjonen sa dei ville vurdere mistillit mot skulebyråd Linn Kristin Engø tysdag kveld.

Slik det såg ut då, ville truleg eit mistillitsforslag mot skulebyråden ha fleirtal i bystyret. Eit eventuelt mistillitsforslag må partia fremme i bystyret. Neste ordinære bystyremøte er 29.januar.

Motsvaret til byrådsleiaren er altså å stille kabinettspørsmål. Tysdag kveld spurte NRK byrådsleiaren om dette ville vere eit aktuelt mottrekk. Det ville han ikkje kommentera då.

Utvalsleiar Mikkel Grüner (SV) seier i ein kommentar til NRK at det ikkje er opp til byrådsleiaren å bestemme om bystyret har tillit til byråden.

– Hans trussel vil ikkje påverke SVs handtering av saka. Vi er nøydde til å forholda oss prinsipielt til spørsmålet om politisk ansvar, seier Grüner.

Harald Victor Hove, gruppeleiar for Høgre i Bergen bystyre

REAGERER: Harald Victor Hove (H) kallar mottrekket frå byrådet som frekt.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Parlamentarisk arroganse

Høgres gruppeleiar Harald Victor Hove reagerer sterkt på utspelet frå byrådsleiaren.

– Han var ikkje til stades på høyringa, og høyrde aldri dei hjarteskjerande historiene som kom fram, seier Hove til NRK, og legg til at han meiner mottrekket er rett og slett er frekt.

Han er også kritisk til at det blir varsla kabinettspørsmål før nokon av partia har konkludert med kva som bør skje vidare. Etter planen skulle opposisjonspartia møtast torsdag for å vurdere forslaget.

– Dette er parlamentarisk arroganse i særklasse, meiner Hove.