Hopp til innhold

Vaks 20 prosent i fjor

Nortura i Sogndal leverte i fjor godt over 3.000 tonn med matvarer, og hadde ein vekst på 20 prosent samanlikna med året før. Det går godt for dei tre hovudkategoriane som vert produsert i Sogndal: pinnekjøt, spekepølse og spekeskinke, skriv Sogn Avis. Fabrikksjef Inghild Lysne Sanden seier og har fått ein god start på 2018.

Nortura i Sogndal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK