Vedtaket kjem som følgje av at Fylkesmannen påla kommunen å dekke inn tidlegare års underskot.
Ber om hjelp
Vågsøysamfunnet vil no be fylkeskommunen om hjelp til omstilling. Det vedtok eit samstemt kommunestyre i Vågsøy onsdag kveld. Årsaka er rekordhøg arbeidsløyse og stor fråflytting frå landets nest største fiskerikommune.
Tilstandsrapporten frå rådmann Ørjan Raknes Fortun var ikkje noko lystig lesing for vågsøypolitikarane. Til det ekstraordinære møtet i Vågsøy formannskap onsdag kveld hadde kommuneleiinga utarbeidd ein fersk tilstandsrapport som syner at situasjonen er svært alvorleg.
Rekordarbeidsløyse og fråflytting
12 % eller 410 personar av den totale arbeidsstyrken er utan arbeid. Og like dramatisk er den store nedgangen i folketalet i landets nest største fiskerikommune. I aldersgruppa 20-40 år er talet på innbyggjarar i løpet av dei siste 10 åra redusert med 327 personar.
Med dette som grunnlag vil politikarane no straks starte arbeidet for å kome i posisjon til å søkje fylkeskommunen om midlar til omstillingstiltak.