Hopp til innhold

Vådeskot fyrt av under politiaksjon i Jølster

Ein mann i 50-åra vart onsdag kveld arrestert etter ein 12 timar lang politiaksjon i Jølster i Sunnfjord. Under arrestasjonen gjekk det av eit vådeskot frå eit polititenestevåpen.

Politiaksjon Jølster

STOR AKSJON: Politifolk frå heile Sogn og Sunnfjord blei onsdag føremiddag sendt til Jølster i samband med den væpna aksjonen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Store politistyrkar rykte ut etter at namsmannen blei møtt av ein mann med kniv i Jølster i Sunnfjord i føremiddag.

Onsdag kveld rundt kl. 20 fekk politiet kontroll på mannen, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding. Mannen er sikta for trugslar.

– Sikta blir varetatt av politiet og vil bli framstilt for lege. Han er sikta for truslar mot politiet, skriv politiet i pressemeldinga.

Under arrestasjonen gjekk det av eit vådeskot frå eit av politiets tenestevåpen. Ingen kom til skade som følge av skotet.

– Spesialeininga er rutinemessig varsla og vil starte etterforsking, opplyser politiet.

Eit vitne fortel til NRK at det såg ut som eit lysglimt, «deretter strøymde det politi inn framfor huset».

Forlèt staden

Store politistyrkar har sidan i føremiddag vore til stades ved adressa i Jølster i Sunnfjord, men onsdag kveld var fleire av desse i ferd med å reise frå staden.

– Politiet er til stades med dei mannskapa vi meiner vi treng for å løyse oppdraget. Eg kan ikkje gå i detalj om kva som skjer der, sa operasjonsleiar Stine Mjelde til NRK rundt kl. 18.30.

– Men det er ingen grunn for publikum eller folk som er i Sunnfjord til å vere uroa for det som føregår, la Mjelde til.

Dialog

Ved 18.30-tida uttala operasjonsleiaren at det då ikkje var endring i situasjonen sett opp imot førre pressemelding frå politiet tidlegare onsdag.

– No ønsker politiet å få kontroll på situasjonen og vil eventuelt kome tilbake med meir informasjon når vi har det, uttala Mjelde.

Mistenkte er framleis inne i bustaden, roleg på staden. Det er no oppretta tidvis dialog mellom politi og mistenkte per telefon, skreiv operasjonsleiar Frode Kolltveit i ei pressemelding tidlegare onsdag.

Mistenkte har ikkje nytta noko våpen, og ingen er kome til skade eller blitt utsett for truslar, skriv politiet.

Bustaden ligg i eit skogholt like ved E39 og det er ingen nære naboar.

Væpna politi i aksjon på Jølster.

STOR AKSJON: Væpna politifolk i posisjon har stått nedanfor huset til den mistenkte mannen.

Foto: NRK-tipsar

Politiet slo jernring rundt huset dersom situasjonen skulle eskalere. Ingen er meldt skadd.

– Det kom stadig fleire politifolk til huset. Det kom også ein ambulanse, fortalde augevitne til NRK.

Huset ligg like ved E39, men trafikken gjekk som normalt.

Hadde våpen i huset

I ei pressemelding torsdag ettermiddag opplyser Vest at politiet lenge forsøkte å forhandle med mannen, men at dette førte ikkje fram. Då politiet tok seg inn i huset skal mannen ha peikt mot politiet med eit våpen før han blei arrestert.

Politiet fann også fleire våpen i huset, blir det opplyst i pressemeldinga.