Hopp til innhold

Ein til sjukehus og ein til legevakt etter bustadbrann i Norheimsund

Klokka 13 var brannvesenet og væpna politi på plass etter melding om brann i eit hus i Norheimsund i Kvam kommune.

Brannvesenet forsøkte utvendig sløkking av det overtente huset, og flammane stakk ut av vindauge og mønet.

I 14.20-tida får NRK opplyst at huset ikkje kan bli redda.

– Det er spreiing og røyk og flammar i alle rom. Flammane har også slått gjennom taket. Brannvesenet jobbar med å unngå spreiing til andre bygningar og garasjar i nærleiken, og jobbar med sløkking, seier Lars Petter Lorvik, fungerande vaktkommandør i 110-sentralen vest.

Politiet væpna seg på veg til staden etter ei melding om ei valdshending. Ein person skal vere lettare skadd, og er frakta til legevakt. Ein annan person skal også ha skadar og er frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

Brannvesenet kunne melde om kontroll på brannen klokka 15.17. Dei kjem til å gjere kontroller utover kvelden, men dei fleste av mannskapet har returnert frå staden.

Brann i Norheimsund
Foto: Webcam / Norheimsund gjestehamn