Hopp til innhold

Brukte to millionar kronar - ventar framleis på at videoen skal bli vist

Norges dyraste musikkvideo blei spelt inn i Bremanger, men enno ingen har sett resultatet. No lovar manageren at videoen blir ein del av Madcon si internasjonale satsing.

Madcon

NORGES DYRASTE: Tshawe og Yosef i Madcon spelte inn tidenes dyraste musikkvideo. Her med produsent Svein Arild Vatsø i bakgrunnen.

Foto: NRK

Det var i august i fjor at Madcon spelte inn landets dyraste musikkvideo i Bremanger. Raske sportsbilar med Madcon bak rattet i vakker kystnatur. Dette var oppskrifta for musikkvideoen som vart spelt inn i Kalvåg.

– Vi skulle helst sett at videoen vart lansert no, seier Svein Arild Vatsø som er entusiasten og produsenten som fekk Madcon til å kome til Bremanger.

Sponsa med to millionar

Svein Arild Vatsø

RASKE BILAR: Produsent Svein Arild Vatsø håper videoen snart blir vist fram for publikum.

Foto: NRK

Kommunen og næringslivet spytta inn nær to millionar kroner i prosjektet. Men snart eit år har gått sidan innspelinga, utan at folk har fått sett resultatet.

Sidan den gongen har det vore stilt. Folk spør seg kvar vert videoen av, og kva skjer med dei to millionane som næringsliv og kommune spytta inn i prosjektet.

– Det er ikkje behageleg å ikkje vite kva tid videoen skal lanserast. Videoen er ferdig og vi skulle helst sett at den blei lansert før sommaren, seier Svein Arild Vatsø.

Lovar den skal komme

Han og andre NRK har snakka med i denne saka syner alle til Madcon sin manager, Peter Peters.

– Detaljane kan eg ikkje røpe, men det ser veldig spennande og kjem til å treffe mykje breiare enn planlagt. Dette er bra for Bremanger, bra for Norge og bra for Madcon, seier Peters.

Regissøren bak videoen, Bjørn Myreze, sa på Vestlandsrevyen i august i fjor at videoen kunne nå ut til 20 millionar på YouTube. Med lovnadene frå Madcon-manager Peters i bakhovudet, forsikrar han at han framleis trur at vakre Bremanger-bilete vil nå ut til heile verda.

– Det er ikkje tvil om at denne videoen kjem ut på ein større måte enn først planlagd, seier Myreze.

Video Norges dyraste musikkvideo i Bremanger

SJÅ TV-SAKA: Spelar inn Norges dyraste musikkvideo i Bremanger.