Hopp til innhold

Madcon lagar musikkvideo i Kalvåg

Gruppa Madcon skal spele inn musikkvideo i Bremanger. Den spektakulære innspelinga er alt i gang.

Tshawe og Yosef i Madcon

TIL KALVÅG: Tshawe og Yosef i Madcon spelar inn tidenes dyraste musikkvideo.

Foto: Tom Øverlie / Scanpix

Det er heftige scener som skal festast til filmen. Tysdag skal ein gjeng frå Oppdrag Sognefjorden hoppe ut frå Hornelen. Det blir kappkøyring med Ferrari og eit helikopter skal lande på ein yacht.

Gruppa Madcon er mellom anna kjende for hitane «Beggin» og «Glow». Svein Arild Vatsø er med på produksjonen seier til firdaposten.no at dette blir den dyraste musikkvideoen gjennom tidene.

Onsdag skal det spelast inn ei spektakulær festscene ved kaia i Kalvåg. Her treng dei mange statistar og oppmodar folk om å møte opp i festklede.

Også tidlegare har Vatsø fått kjende namn til Kalvåg og Bremanger. Yoga Fire har spelt inn musikkvideo og spelefilmen «Hjelp, vi er russ» er laga her.