Hopp til innhold

Uvêr stengde fleire fjellovergangar

Tidleg tredje juledag var fire sentrale fjellovergangar i Sør-Norge framleis stengde på grunn av dårleg vêr. Utover føremiddagen har situasjonen betra seg på dei aller fleste overgangane.

Vikafjellet onsdag føremiddag

KOLONNEKØYRING: Det er ruskete vêr på riksveg 13 over Vikafjellet mellom Vinje i Voss og Vik i Sogn onsdag føremiddag.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Vêret har skapt utfordrande køyreforhold fleire stader i landet gjennom jula. Tredje juledag har vêret stilna på alle fjellovergangane, og klokka 14.30 er det fri ferdsle på alle fjellovergangane, med unntak av på E134 Haukelifjell der det no er kolonnekøyring. (Sjå fullstendig liste over fjellovergangane nedst i saka).

– Situasjonen er mykje likt som i går kveld, men det kan sjå ut til at det no byrjar å gå litt betre, sa Morten Hansen ved Vegtrafikksentralen i Bergen til NRK.no tidleg onsdag morgon.

I 09.30-tida meldte Statens vegvesen at dei hadde fått klarsignal om å rydde snøraset som har sperra riksveg 15 over Strynefjellet sidan første juledag. Geologen som har vurdert rasområdet vurderte skredfaren som minkande, og fjellovergangen vart opna rundt klokka 11.30.

Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om betydeleg snøskredfare Indre Sogn, Voss og Hardanger onsdag.

Meteorologisk institutt varslar betre vêr i fjellet i Sør-Norge utover dagen. Sør for Finse er det venta vestleg vind opp i sterk kuling, men denne vil minke på utover ettermiddagen. Nord for Finse er det venta skiftande bris i heile dag.

Særleg i vestlege delar av Langfjella er det venta periodar med snø. Lengst aust i fjellet og lengst nord vil det kome lite eller ingen nedbør. Det er venta stort sett opphaldsvêr i heile området i kveld.

Slik er stoda på fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet onsdag klokka 14.30:

  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Opna for kolonnekøyring klokka 12.45. Vegen har vore stengd i føremiddag på grunn av uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stort sett snø- og isdekke.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Opna for trafikk etter uvêr like før klokka 13.30. Snø- og isdekke.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke, fare for glatte parti. Fare for elg.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Snø- og isdekke, redusert sikt.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke.

Statens vegvesen si oppdaterte liste over vegstengingar finn du her.