Hopp til innhold

Utskjelt frå si eiga heimbygd

Hans Johan Breidablik har fått så hatten passar etter at han let seg intervjue av Firda om ei eventuell nedlegging av Høyanger vidaregåande skule.

Hans Johan Breidablik

HAUSTAR KRITIKK: Hans Johan Breidablik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Breidablik, som i mange år har forska på levekåra til barn og unge, mellom anna på hybelbuarar, meiner det er andre faktorar som er viktigare enn pendling og hybelbuing i debatten om dei vidaregåande skulane.

Ordførar Petter Sortland i Høyanger skriv i eit debattinnlegg:

Breidablik har i fleire år gjort sitt beste for å gi sin arbeidsgjevar Helse Førde eit dårleg omdøme i store deler av fylket. Han har lukkast rimeleg bra med denne gjerninga. Om han held fram med å syne ein så klar mangel på empati ovafor dei unge frå Høyanger og HAFS, vil han kjapt klare å terge på seg ei ny gruppe innbyggarar i vårt distrikt; Ungdomane våre!!

– Utarta til skitkasting

NRK Sogn og Fjordane prøvde å få til ein radiodebatt mellom Breidablik og Sortland, men Breidablik, som er oppvaksen i Høyanger, ynskte ikkje å møte Sortland i debatt.

– Då eg let meg intervjue i avisa så tenkte eg at det kunne vere ein debatt om sider av ei viktig sak i Sogn og Fjordane. Når dette etter kvart utartar seg meir til skitkasting så ser eg ikkje vitsen med å vere med i debatten.

(Artikkelen held fram under biletet).

Høyanger vidaregåande skule

I FARESONA: Høyanger vidaregåande skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje mane fram skremsel

I staden let Hans Johan Breidablik seg intervjue utan motdebattant:


– Eg har prøvd å få fram er at ein i ein slik debatt må sjå vidare, ikkje mane fram skremsel med at alle må bli buande på hybel med dei risikoane det inneber, det blir ein for enkel diskusjon, og den kan ein kome med for alle dei vidaregåande skulane.

Kva meiner du dei heller bør diskutere?

– Både Årdal og Høyanger er spesielt utsette på grunn av si historie og befolkningssamansetting, og står framfor store utfordringar. Eg meiner dei heller burde peike på det og seie at dei må få oppretthalde skulane sine fordi dei har så mange andre utfordringar, og ikkje om elevar blir hybelbuarar, eller om dei må pendle ein time eller ein time og førti minutt mellom Høyanger og Førde.

– Er ikkje det eit problem då, at dei må pendle?

– Det er klart det er eit problem, men dersom vi ikkje skal ha pendling i Sogn og Fjordane må vi til med ei storstila sentralisering innad i fylket.

Forska på barn og unge sidan 1995

– Kvifor meiner du noko om dette?

– Eg har drive med kartlegging og forsking på barn og unge sidan 1995, og eg har vore oppteken av leveåra for barn og unge. Vi er kanskje dei einaste i Norge som har publisert forsking knytt til hybelbuarar og helserisiko.

– Eg har nett gjort ei oppteljing, og den viser at om lag ein firedel av ungdommane frå Høyanger alt bur på hybel. Det er det same som gjennomsnittet for heile fylket.
Medan talet på unge i alderen 0-17 held seg rimeleg stabilt for fylket under eitt, har det vore og kjem framleis til å vere ein stor nedgang i Høyanger.

– Det er ei stor utfordring. Eg trur det er uheldig om dei einsidige industristadene i Sogn og Fjordane så og seie blir lagde ned. Eg meiner det er dette ein må konsentrere diskusjonen om, ikkje bli heilt fiksert på hybelbuing eller ikkje.

(Artikkelen held fram under biletet).

Petter Sortland

- BREIDABLIK UTAN KRDIBILITET: Ordførar Petter Sortland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordføraren vart provosert

Ordførar Petter Sortland i Høyanger vedgår at han vart opptrekt då han las Firda laurdag. På framsida var Hans Johan Breidablik sitert: «Elevar toler dette». Inne i avisa stod det: «Lite problematisk å pendle Høyanger-Førde».

– Det synest eg vitnar om at personen ikkje har sett seg inn i problematikken.

Den 13. mars sette Sortland og mange andre frå Høyanger seg i ein buss for å køyre frå Høyanger til Førde.

– Turen tok ein time og 25 minutt. Då stogga vi to stader i Gaular kommune. Ein slik buss vil måtte ta imot passasjerar på alle stoppestadene frå Høyanger, gjennom Gualar, og heilt til Førde.

– Ein og ein halv time er reelt. Det betyr tre timar kvar dag. Dersom Høyanger vidaregåande skule blir lagd ned vil våre 150 elevar frå tre timar ekstra skuletid. Eg er samd med Breidablik i at truleg vil mange av dei i staden bu på hybel i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bussaksjon

TESTA DISTANSEN: Den 13. mars testkøyrde Høyanger-folket med buss til Førde.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Fortener at vi tek til motmæle

Sortland meiner konsekvensen av å flytte elevar frå Høyanger og Dale vidaregåande skular til Førde vil vere at dei nestbeste elevane i både ytre Sogn og Sunnfjord må sendast på hybel i Nordfjord.

– Men var det nødvendig å kome så sterke karakteristikkar av Breidablik?

– Ja, eg synest at når han slepp eit slikt intervju mot si eiga heimbygd og seier at tre timar pendling er uproblematisk så fortener han at vi tek til motmæle. Det har sjeldan vore slik fyr i diskusjonane i Høyanger som etter dette innlegget.

– Har ikkje Breidablik nok å stelle med i sitt eige arbeid om han ikkje skal blande seg inn i skulebruksplanen? Snart meiner han vel noko om brukryssinga i Nordfjord. Fyren er heilt utan kredibilitet i denne saka.

Og ordføraren i Høyanger kan forsikre Breidbalik om at dei momenta han legg vekt på kjem til å få brei merksemd når kommunen skal gje si høyringsfråsegn innan fristen 26. april.