Hopp til innhold

Utsett opning av riksveg 5

Hovudvegen mellom Førde og Florø er framleis stengd like ved avkøyrsla til Fjordbase. Eit vogntog vart tysdag kveld treft av ras like ved avkøyrsla til Fjordbase i Florø. Byggjeleiar i Statens vegvesen, Stig Arne Bugjerde, seier det framleis er steinblokker som må sikrarst. Vegen blir difor halden stengd framover, med ny vurdering klokka 1630.

Vegen er stengt mellom Førde og Florø.
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK