Hopp til innhold

Utset rettssaka mot rektor - igjen

Saka der ein rektor frå Sogn er tiltalt for nedlasting av overgrepsbilete av born er utsett, igjen. Dette er tredje gong tidspunktet for rettssaka blir flytta.

Det er nærare to år sidan mannen vart pågripen for å ha lasta ned overgrepsbilete av born på datamaskina si. Saka skulle etter planen opp i juni i fjor, men vart då utsett fordi forsvararen til mannen kravde ytterlegare etterforsking.

I mai i år vart saka utsett på ny, og skulle ha starta neste veke. Det skjer ikkje. Saka er no utsett til starten av september.

– No er saka utsett igjen, det blir for tredje gong. Dette er ei stor belastning for min klient, seier advokaten til mannen, Louis Anda.

Pågripen i 2010

Den tiltalte mannen var rektor på ein skule i Sogn då han i august 2010 vart pågripen og sikta av politiet. Sjølv hevdar mannen at han aldri har gjort det politiet hevdar.

Tidlegare har Anda sagt at klienten meiner det er andre som har lasta ned bileta på datamaskina.

– Reknar med frifinning

Anda seier hans klient opplever det som vanskeleg at saka ikkje kjem opp som planlagt.

– Det er ei belastning å ikkje få saka opp og avgjort, ei sak der vi reknar med frifinning. No må han vente til ut i september på ei hovudforhandling, og kanskje nokre veker til på å få ein endeleg dom, seier Anda som viser til at hans klient ønskjer å bli ferdig med saka.

Det er politiet som har bede om at saka blir utsett ifølgje Anda. Dette skal vere fordi ein av dei sakkunnige som politiet skal nytte seg har blitt sjukmeldt, seier Anda til NRK.no. Til Sogn Avis seier Anda at vedkommande har brote foten.

Anda beklagar sterkt at saka ikkje kjem opp slik planen var. Han viser til at dette har konsekvensar mellom anna i forhold til mannen sin jobb som rektor, ei stilling han no er suspendert frå.

– Ei frifinning vil truleg føre til at han får jobben tilbake. Det har også betydning for hans sosiale liv i nærmiljøet, seier Anda.

Knut Broberg

- BEKLAGELEG: Aktor Knut Broberg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Beklageleg, seier aktor

Aktor Knut Broberg seier det er beklageleg at rettssaka er utsett for tredje gong. Han har forståing for at det er belastande for den tiltalte.

– Men det er tilhøve som ligg utanfor vår kontroll som er årsaka. Ein sakkunnig som skal fylgje saka og gjere greie for både undersøkingar og det som kjem fram i retten, har skadd seg. Vedkomande skal gjennom ein operasjon og kan ikkje vere til stades i retten i den tida vi har sett av, og det gjer at vi må flytte saka.