Hopp til innhold

Vurderer sak mot mobilgigant

Gründer Silje Vallestad meiner ho er blitt kopiert av mobilgiganten Vodafone.

Silje Marie Vallestad

VURDERER SAK: Silje Vallestad likar ikkje at Vodafone har lansert eit tilbod som liknar veldig på det ho sjølv var i dialog med mobilgiganten om.

– Vodafone har lurt oss, og det er veldig trist, seier Silje Vallestad til Bergens Tidende.

Vallestad står bak verksemda Bipper Communication, som lagar mobilløysingar til hjelp for barneforeldre. I 2011 vart Florø-kvinna kåra til årets kvinnelege gründer i Norge.

Tanken var at mobilgiganten Vodafone skulle syte for internasjonalt sal av løysingane hennar.

No meiner Vallestad at Vodafone fekk innsikt i konsept og tekniske løysingar – og eit halvt år seinare lanserte selskapet tilbodet «Vodafone Guardian».

– Løysinga er nesten heilt lik vår, så det må ha blitt utvikla parallelt medan dei snakka med oss, hevdar Vallestad overfor Bergens Tidende.

– Advokatane våre meiner vi har ei sterk sak. Men vi får sjå svaret frå Vodafone og vurdere kva vi gjer vidare, seier ho.

Vodafone har onsdag ikkje svart på NRK sine forsøk på å hente inn deira versjon av saka.