Hopp til innhold

Usikker framtid for ISS-tilsette i Norheimsund - flytter kontor til Oslo

ISS sine kontor som driv med kundesenter og sentralbord i Norheimsund og Kværnerbyen i Oslo skal bli slått saman til eitt kontor i Oslo. Dette påverkar kontoret i Norheimsund og dei 14 tilsette der.

ISS grunnar samlokaliseringa med at dei får samla kompetansen på ein stad for å betre samhandling og ein nærleik til oppdragsgivarane.

– Vi har sjølvsagt stor forståing for at det er ein vanskeleg situasjon for alle medarbeidarar i Norheimsund, og vi er no i kartleggingssamtaler med dei tilsette om vegen vidare, seier Per-Otto Oppi Christiansen, kommunikasjonsansvarleg i ISS.

– Kva skjer med dei 14 tilsette i Norheimsund?

– Det kjem vi tilbake til.

Han seier vidare at medarbeidarane i Norheimsund vil få svar i løpet av 2024, men vil ikkje kommentere når.

ISS Norheimsund
Foto: Sissel Rikheim / NRK