Hopp til innhold

Usamde om betaling for fødslar

Mange gravide Nordfjord-kvinner har dei siste vekene født på Volda sjukehus. Men Helse Førde har til no ikkje betalt for tenesta.

Volda sjukehus

FØDER HER: Mange Nordfjord-kvinner har dei siste to månadane valt å føde her på Volda sjukehus. Førebels har ikkje Helse Førde betalt for seg.

Foto: Helse Sunnmøre

Allereie same veka som fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus vart lagt ned strøymde dei fødande kvinnene frå regionen til sjukehuset i Volda. Men sjølv om det altså har blitt fødd ei rekkje nordfjordingar på sjukehuset i nabofylket har ikkje Helse Møre og Romsdal fått betalt, melder Sunnmørsposten.

Ifølgje avisa skal dei to helseføretaka ikkje ha blitt samde om prisen.

– Per i dag har vi ikkje fått på plass ein avtale med Helse Førde. Dei skal betale, men vi er ikkje blitt einige om kor mykje, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, til Sunnmørsposten.

I budsjettforslaget til Helse Møre og Romsdal er det førebels lagt inn ein kompensasjon på om lag 8,2 millionar kroner for dei vel 240 fødslane som til neste år er venta å kome frå Helse Førde sitt bustadområde.

Frå 1. oktober var det slutt på fødslar ved fødeavdelinga på Nordfjordeid, og sidan har dei fødande måtte ta turen til anten Førde eller Volda. Berre i dagane rett etter nedlegginga hadde seks nye verdsborgarar frå Nordfjord kome til verda ved sjukehuset i Volda.