Hopp til innhold

Ho har vore jordmor på Eid i 30 år - no får ho ikkje ta imot born lenger

Det vert ein ny kvardag for jordmor Elin Stølen, som i 30 år har teke imot nye nordfjordingar ved føden i Eid. Frå måndag av må ho senda dei fødande vidare i ambulanse til anten Førde eller Volda.

Jordmor Elin Stølen

30 ÅR PÅ EID: - Eg gler meg til å framleis vera tilstades for gravide, seier Elin Støylen.

Foto: Birger Meland / NRK

– Eg kan ikkje sei at eg gler meg til å akkurat det, men eg gler meg til å framleis vera til stades for dei gravide. Men eg har vore med på å tippe rundt i ein ambulanse, og det er ikkje noko kjekt, fortel Stølen.

Frå 30. september vert fødeavdelinga ved sjukehuset i Nordfjord lagt ned etter ein årelang prosess. Avgjersla har skapa sterke reaksjonar i Nordfjord. Gravide som er busette i nærleiken av sjukehuset på Eid, kjenner det som urettferdig å mista eit tilbod som fungerer.

Helse Førde meiner dei fødande framleis vil få eit godt fagleg tilbod, også på Eid. Stølen trur ikkje gravide kvinner i Nordfjord treng vera skeptiske til endringane:

– Dei kan stole på at vi skal fortsette her på sjukehuset med skikkelege svangerskapskontrollar, og så skal kvinnene få komme tilbake til oss og ha eit barselopphald etter fødselen. Så det skal bli bra. Men vi kan ikkje ta imot borna deira, seier Stølen.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Tomt på fødeavdelinga Nordfjord

TOMT: Frå 30. september vil det sjå slik ut på fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Birger Meland / NRK

Tilbake til gamle vanar

– Kva vert annleis frå måndag av?

– Eg vil heller seie kva som vert likt. I gamle dagar hadde me ikkje gynekolog her. Då var det vi sjølve som bestemte, i samråd med doktor Halleraker, kven som skulle føde i Eid eller kven som måtte til Førde.

– Då var det ofte slik at vi måtte hive oss i ambulansen, og fylgje dei damene som skulle til Førde. Det er eigentleg tilbake til slik det var når eg først byrja, men no kan me også reisa til Volda. Vi skal fylgje damene, og det kan dei stola på, forsikrar ho.

Gode og vonde minner

Støylen fortel at ho vart svært godt motteken då ho kom til Eid for 30 år sidan. Den nye arbeidsplassen hennar var moderne utstyrt, og ho hugsar at sjukehuset mellom anna hadde eit ultralydapparat som ein røntgenlege kunne handtera:

– Dette apparatet var eit gedigent monster med veldig liten skjerm. Det var så vidt ein kunne skimte om det var noko der, ler Stølen.

Ho fortel at dei nokre gonger var berre to-tre personar på jobb og at ein som jordmor opplev både sorger og gleder:

– Kanskje nokon er på eit rom for å ta imot eit dødfødt born medan andre tar imot eit friskt born inne på fødestova. Det må ein kunne handtera. Det er friskt å jobba som jordmor, spesielt på ei lita avdeling som denne vi har hatt her, avsluttar Stølen.