Hopp til innhold

Fødselen var visst i gang likevel

Ei jente på 3.620 gram vart det siste barnet som kom til verda ved fødeavdelinga på Nordfjordeid. Det sparte mamma Anne Lise Hildenes (28) og pappa Robert Engeland (33) for ein lang tur til fødeavdelinga i Volda.

Anne Lise Hildenes og Robert Engeland

STOLTE FORELDRE: Anne Lise Hildenes og Robert Engeland si fjerde jente vart det siste barnet fødd ved fødeavdelinga i Eid.

Foto: Stig Høynes

Frå i dag av er det slutt på fødslar ved fødeavdelinga på Nordfjordeid, og dei fødande må reise til Volda eller Førde.

Klokka 12:09 søndag kom Anne Lise Hildenes si fjerde jente til verda, som den siste fødde på sjukehuset i Eid.

– For min del var eg veldig glad eg rakk å få her siste dagen. Men det er jo litt vemodig stemning på avdelinga. Jordmødrene seier at det ikkje har gått opp for dei at dette verkeleg skjer, seier 28-åringen frå Eid.

Kom før termin

Ho er sambuar med Robert Engeland (33), og har frå før tre jenter på 3, 5, og 7 år. Deira fjerde jente har førebels ikkje fått noko namn, men vog 3.620 gram og målte 49 centimeter då ho kom til verda søndag. Førebels har ho ikkje fått noko namn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Lise Hildenes og Siri Endal

SLAPP TUREN: Anne Lise Hildenes (t.h.) slapp å ta turen gjennom Kvivstunnelen til fødeavdelinga i Volda då veslejenta skulle komme til verda. Til venstre Siri Endal som også venta barn på desse tider.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Ho kom ei veke og to dagar før termin. Det var litt flaks, seier Hildenes. Då ho fekk jente nummer tre tok fødselen 15 minutt, og ho var veldig lite lysten på ein lengre biltur med rier til Volda.

– Eg tenkte litt på at det hadde vore greitt å sleppe å reise heilt til Volda sidan det har gått fort med dei andre. Denne gongen gjekk alt heilt normalt, legg ho til.

Skulle på kontroll

– Gjorde du noko spesielt for å få fortgang i fødselen?

– Nei, men det var freistande å prøve alle moglege triks. Men det slapp eg, humrar ho og fortel alt starta søndag morgon då ho skulle på kontroll ved sjukehuset i 08-tida.

Etter lengre tid med kynnarar var ho usikker på om fødselen var i gang eller ikkje.

– Men det var eg visst. Vi kom inn til kontroll og fann ut at fødselen var i gang av seg sjølv, seier ho og fortel at alt står bra til med både mor og barn.

Tok imot det siste barnet

Liv J. Nesbakk

SPESIELT: Alle fødslar er spesielle, men jordmor Liv J. Nesbakk vedgår at fødselen søndag var litt ekstra spesiell.

Foto: Stig Høynes

Jordmor Liv J. Nesbakk fekk æra av å ta i mot det siste barnet ved fødeavdelinga i Eid. Etter 30 år som jordmor, har ho så langt teke imot kring 2.000 nyfødde.

Fødselen søndag vart litt spesiell. Frå i dag av er avdelinga ei «God start-avdeling».

– Det var litt spesielt då du tenkte på at det var den siste offisielle fødselen på avdelinga. Men du skal jo uansett ta vare på den gravide og barnet sitt beste. Og fødselen gjekk heilt fint, seier ho.

– Rar kjensle

– Det er ei veldig rar kjensle, sjølv om prosessen har gått over så pass lang tid. Vi visste dagen ville komme, men vi skal jo framleis ha kontrollar og barsel, held Nesbakk fram.

I tillegg til følgjetenester, er det meininga at jordmødrene skal hospitere i Førde med jamne mellomrom. Dette er førebels ikkje heilt klarlagt korleis skal skje.

Heretter vil ein tilby poliklinikk for gravide, ammepoliklinikk, naudfødestove, barselavdeling, sal av jordmortenester til kommunane. I tillegg til følgjeteneste.

– Blir eit sakn

Nesbakk vedgår at fødslane blir eit sakn på avdelinga.

– Når du får fødslar, så er det ei plussvakt. Det er ein ekstra bonus. Den gleda vil vi ikkje få no, seier ho og legg til:

– Men vi skal jo følgje fødande i ambulansen til Volda eller Førde, og får då spenning på ein heilt annan måte, som om vi når fram til sjukehuset, avsluttar ho.