Hopp til innhold

Uroa over utanlandske turnuslegar

Halvparten av turnuslegane i Norge er av utanlandsk opphav. Kombinasjonen av dårlege språkkunnskapar og fagleg svakheit uroar fleire i Helse-Norge.

Sykehus (illustrasjon9

UTANLANDSKE: Fleire i Helse-Norge er uroa over at halvparten av dei som nyttar seg av dagens turnuslegeordning har utanlandsk opphav.

Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Tal frå Helsedirektoratet syner at over halvparten av dei som nyttar seg av dagens turnuslegeordning av utanlandsk opphav, med utdanning frå utlandet.

Fagdirektøren i Helse Førde, Hans Johan Breidablik er ein av fleire som fryktar dette kan gå ut over pasientane sin tryggleik. Ofte er dei ikkje gode nok.

– Vi som arbeidsgjevar er veldig ofte ikkje på trygg grunn når vi set desse i arbeid. Til dømes når vi set dei til å ha vakt på sjukehusa våre, seier Breidablik og legg til:

– Blandinga av språkvanskar og fagleg svakheit er den kombinasjonen vi er mest redde for.

Problematisk for arbeidsgjevarane

Hans Johan Breidablik

PROBLEM: Hans Johan Breidablik er fagdirektør i Helse Førde. Han seier det skapar problem at så mange av turnuslegane er av utanlandsk opphav.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I dag fungerer turnuslegeordninga slik at legestudentar blir fordelte på helseføretak gjennom loddtrekning.

Over halvparten av dei som nyttar seg av ordninga har ikkje legeutdanning frå Norge, og er heller ikkje av norsk opphav. Dette er problematisk for arbeidsgjevarane.

– Vi har veldig liten bakgrunnsinnsikt før desse turnuslegane står på døra vår og skal begynne jobbe, seier Breidablik.

– Definitivt ein risiko

Fagdirektøren for helseføretaket i Sogn og Fjordane er langt frå den einaste som opplever dette som problematisk. Også fagdirektør i Helse Fonna, Kjellfrid Laugaland er uroa.

Ho meiner det ikkje er tvil om at det er ein risiko når kommunikasjonen mellom pasientar og personale og personale seg imellom vert vanskeleg.

– Risikoen er definitivt til stades, seier Laugaland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Usemje om turnuslegeordninga

USEMJE: Fagfolk er sterkt usamde om korleis turnusordninga for legar skal organiserast. Helsedirektoratet vil at studentane i framtida skal velje turnusplass sjølve. I distrikta fryktar ein det fører med legemangel. (Vestlandsrevyen 27. oktober 2011).

Ei av årsakene til føreslått endring

Helsedirektoratet har no føreslått ein ny turnusordning, der legestudentar søkjer seg til helseføretak der dei beste blir plukka ut.

Otto Christian Rø som er avdelingsleiar i Helsedirektoratet fortel at problema med utanlandske turnuslegar er ei av årsakene til at ein ønskjer å leggje om dagens ordning.

– Den norske turnuslegeordninga er svært populær i utlandet, og det er ei stor utfordring for det norske samfunn, seier Rø.

– Kan dette gå ut over tryggleiken til pasientane?

– Vi kan ikkje sjå vekk frå at manglande kommunikasjon kan verke inn på tryggleiken til pasientane.