Stranda Rishamn har vore ein uoffisiell naturistplass i over 25 år. I fjor gjekk grunneigar og Krokeide Velforening ut i media og krevde at nakenbadarane slutta å bruke stranda like ved fergekaien på Krokeide. Naboane ville ta den idylliske badeplassen tilbake.
Protestar jagar ingen
- Det har verka inn på den måten at endå fleire naturistar har oppsøkt Rishamn. Det seier leiar for Vestlandets Naturistforening, Toril Hongve Helle.
I år seier naboar i området at dei har resignert i høve til nakenbaderane. Ingen av dei vil la seg intervjue med fullt namn i saka, men fleire seier at dei kjenner seg makteslause.
- Kikkarar
Ei mor fortel at ho ikkje har så mykje imot naturistar, men at nakenbadinga har ein negativ biverknad: Kikkarar. Ho fortel óg at borna hennar mange gongar har blitt spurd om vegen til nakenstranda av framande menn, noko ho tykkjer er ekkelt. Naboane hevdar og at fordi folk flest held seg unna Rishamn, har det blitt ein «seksuell treffstad» for homofile.
- Opphausing
- Eg trur dei hausar det opp. Berre fordi ein badar naken, trur folk ein er annleis enn alle andre, seier Helle som fortel at medlema allereie har vore i vatnet i år.