Hopp til innhold

Unge slit meir med psykiske problem under pandemien

Mange unge sørger over ei tapt ungdomstid. Forskarane ser stor vekst i symptom på angst og depresjon, og fryktar dei langsiktige konsekvensane.

Sondre Hillestad diskuterer med klassekamerat.

IKKJE OVERRASKA: Sondre Hillestad og medelev Anna Hamre Danielsen er ikkje overraska over at mange unge slit psykisk.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Universitetet i Bergen og FHI står bak ei stor undersøking der kring 3000 unge mellom 13 og 18 år i Vestland har svart.

Ungdomane svarte først på korleis dei hadde det i mars 2020, heilt i byrjinga av pandemien. Så igjen i desember same år.

Pandemien har påverka den psykiske helsa deira i stor grad.

– Risikoen for å utvikle symptom på depresjon eller angst dobla seg på desse ni månadane.

Det seier Stine Lehman. Ho er psykologspesialist og førsteamanuensis ved UiB, og hovudforfattar for artikkelen som no er publisert i eit stort internasjonalt psykologisk tidsskrift.

Dei unge er ikkje overraska

Anna Hamre Danielsen
– Det har vore tungt. Det er så mange ting vi ikkje har fått vere med på. Vi har vore mykje einsame.
Vedar Bahaldin.
– Skulearbeidet blir vanskelegare. Kontakten med lærarane er viktig. Den mister vi.
Sondre Hillestad
– Eg trur ikkje alle tør å fortelje korleis dei eigentleg har det.
Nina Martine Borlaug.
– Det har blitt alt for komfortabelt å halde seg bak ein skjerm.

Anna Hamre Danielsen, Vedar Bahaldin, Sondre Hillestad og Martine Borlaug er alle tredjeklassingar på Langhaugen i Bergen.

Dei har gått gjennom størstedelen av vidaregåande skule under strenge restriksjonar.

Ingen av dei er overraska over at mange jamaldrande slit.

No har dei låge forventingar til russetida dei snart går inn i, og er redd for at dei går glipp av mykje som jamaldrande normalt får oppleve.

Fryktar langvarige konsekvensar

Det er rett over eit år sidan ungdom sist gong vart spurde om korleis dei hadde det. Forskar Stine Lehmann trur dei langvarige konsekvensane kan bli store.

– Det er ikkje berre å hekte dei unge på att i eit normalt tilvære. Dette er noko vi ikkje heilt veit omfanget av.

Ho seier det er uråd å seie kor mange som faktisk har problem som kvalifiserer til ein diagnose, men at det ikkje er tvil om at mange opplever pandemi-tiltaka som særs utfordrande.

Det er ungdomane på Langhaugen einige i.

– Du blir liksom tung av å berre vere heime, sjå på skjermen, gå rundt i nattklede. Men det tyngste var då ein plutseleg måtte opp tidleg igjen, seier Martine Borlaug.

Martine Borlaug og medelev.

KAN FÅ KONSEKVENSAR: Martine Borlaug og medelev Vedar Bahaldin er einige i at nedstenginga kan få langvarige konsekvensar, spesielt for dei unge.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Tiltaka speler inn

Forskarane ser ein samanheng mellom tiltak i skulane, og den psykiske helsa til ungdomen.

Fleire av dei unge seier dei er redde for å komme bakpå i skulearbeid. Andre føler dei går glipp av store deler av ungdomstida.

– Dette kan få store langsiktige konsekvensar. Stadig fleire opplever psykiske problem. Det kan bli vanskeleg å hekte dei på at når samfunnet blir normalt igjen, seier Lehmann.

– Vi håper våre resultat vil bety noko neste gong det vert vurdert ulike tiltaksnivå i skulane.