Hopp til innhold

Kjærastvald er vanleg: – Flaut, men viktig å snakka om

Nær halvparten av ungdom som har hatt kjærast, har opplevd psykisk eller fysisk vald i forholdet. No har 700 ungdommar i Bergen bidratt til eit kurstilbod for unge og fagfolk om kjærastvald.

Lina Hilland, Fabian Iden, Albert Thuen og Helene Lillevik, 3. klassingar ved Langhaugen vidaregåande skule i Bergen.

VANSKELEG: – Kjærastvald kan vera eit pinleg tema, seier tredjeklassingane Lina Hilland (f.v.), Fabian Iden, Albert Thuen og Helene Lillevik.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vald er ikkje berre fysisk. Det kan også vera å seia stygge ting, å truga med å ta livet sitt, truga med å slå opp med den som ikkje vil ligga med deg, å spreia bilete, å krevja å få lesa meldingane til nokon, eller å følga med på kvar kjærasten er på Snap-kartet.

Det seier prosjektleiar Helene Kaland i organisasjonen «Alternativ til vold». Dei har denne hausten laga elevopplegg og vaksenmanual om kjærastvald.

Målet er at fagfolk og elevar over heile landet får nytta undervisningsopplegget. Og temaet kjærastvald gjeld ikkje berre kjærastar.

– Det er eigentleg litt misvisande namn. Veldig mange ungdommar held berre på med nokon, eller ligg berre med nokon. Ein kjærasteaktig relasjon, der me ser at det også skjer vald, seier Kaland.

Nesten halvparten

Ein tidlegare studie frå fem land viste at 43 prosent av unge som hadde hatt kjærast, hadde opplevd ei eller anna form for vald frå partnaren.

– Ein alt for stor del rapporterer i våre studiar at dei opplever ei form for vald.

Det seier forskingsleiar Carolina Øverlien, forskingsleiar på Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress og professor på Stockholm universitet.

Fysisk vald var minst vanleg, digital vald var vanlegast.

– Digital vald forstår me som ein form for psykisk vald som blir utført med digitale medier eller mobil. Det kan vera nedlatande skjellsord, truslar, sexpress, å publisera intime bilete.

Helene Lillevik

VALDSFORMER: – Små psykiske stikk, eller det å smella med dører og skrika, kan vera vald viss det skjer mange gonger og gjer partnaren din redd, seier Helene Lillevik.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Begge må få hjelp

18-åringane Albert Thuen og Helene Lillevik ved Langhaugen vidaregåande skule er blant dei som har fått og evaluert det nye undervisningsopplegget.

Dei meiner det er vanleg å høyra om valdsam sjalusi.

– Til dømes at ein ikkje lar kjærasten få vera lenge ute med vener.

– Korleis var det å ha kjærastvald som tema i klasserommet?

– Når det skulle vera diskusjon i plenum, vart det ganske stille. Dei fleste har nok ikkje opplevd det, og viss dei har, vil dei ikkje ta det opp der. Det er flaut. Men det er bra og viktig å snakka om.

– Og det er viktig at begge får hjelp, både valdsutøvaren og den som blir ramma.

Albert Thuen

SJALUSI: – Det er nok ganske ofte at nokon prøver å kontrollera og begrense kjærasten sin, seier Albert Thuen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fabian Iden og Lina Hilland var ikkje med på undervisninga, men har mange tankar om temaet.

– Det første eg tenker, er at guten slår jenta. At dei prøver å skjula blåmerke. Men er nok også kjærastvald å trakassera og slita den andre ut mentalt. Nokon har fortalt meg at det set seg så sjukt i deg mentalt at dei nesten heller skulle ha ønska fysisk vald, seier Lina.

– Mobbing påverkar jo personen negativt og kan sjåast som vald, seier Fabian.

«Eigentleg snill»

Helene meiner mange ikkje vil innsjå at det er vald.

– Dei elskar personen og har lyst til å vri det som skjedde om til noko anna, og ikkje snakka med nokon om det, seier Helene.

Lina seier folk ofte prøver å overtyde seg sjølve om at kjærasten «ikkje var seg sjølv».

Lina Hilland

Å UNNSKYLDE: – Det er typisk i eit valdeleg forhold å seia at «han var sur, eller full. Han er eigentleg snill, han sa unnskyld etterpå. Eg veit at han elskar meg», seier Lina Hilland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Stort behov

Øverlien seier at ungdommar i Norden, meir enn i Sør-Europa, veit at fysisk vald er uakseptabelt. Når det gjeld digital og seksuell vald, er dei mindre sikre på kvar grensene går.

– Der er dei veldig uklare på kva som er ok eller ikkje.

Slike undervisningsopplegg som det Alternativ til vold har laga, er derfor viktige, meiner ho.

– Det finst eit stort behov for meir hjelp, om korleis ein skal samtala og rettleie ungdommar om dette.

Ikkje berre «drama»

Det er ikkje berre ungdom sjølv som underdriv alvoret i kjærastvald.

– Vaksne undervurderer gjerne kor redde eller såra ungdommar blir av ulike former for kjærastvald, seier Øverlien.

– Me vaksne tenker ofte at ungdomsrelasjonar er fulle av drama, krangling og overdrivne konfliktar. Men det kan vera ganske alvorlege ting som skjer. Då gjeld det at me prøver å få greie på alle omstende når ungdommane forhåpentlegvis kjem til oss for å fortelja.

Fabian Iden

FLAUT: – Ikkje alle tenåringar vil dela alt med foreldra. I alle fall at det blir flaut å snakka om romantiske forhold, seier Fabian Iden.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tredjeklassingane på Langhaugen stadfestar utfordringa.

– Det kan vera vanskeleg for foreldre å skilja kva som er faktiske problem og kva som berre er kvardagsleg ungdomstull, seier Albert.

– Då er det i alle fall viktig at foreldra gir ein god respons når barnet faktisk snakkar. At dei ikkje får barnet til å føla seg forvirra og dramatisk.