Hopp til innhold

Sigyn (18) har gått nesten heile vidaregåande med korona-tiltak

Sigyn Leversund skulle så gjerne gått meir på skulen. To år i unntakstilstand slit no på både elevar og lærarar. – Mange er på felgen, åtvarer Utdanningsforbundet.

Sigin Leversund, elev Florø vgs vg3 idrett

VIL HELST SITJE HER: – Det er meir sosialt. Eg kan henge med venninner frå andre parallellklasser, seier Sigyn Leversund som går tredje året på Flora vidaregåande skule i Sunnfjord.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Det er veldig trist at vi har mista mykje av ungdomstida vår til korona og at vi har vore såpass mykje heime, seier ho.

Så godt som heile skuletida hennar på vidaregåande har vore prega av restriksjonar og heimeundervisning.

– Det er veldig umotiverande og slitsamt. Det er ikkje det same å berre vakne og sitte i senga for å jobbe med skule, seier Leversund.

Ho går no tredje året på Flora vidaregåande, men har ofte heimeundervisning.

– Eg føler meg mykje trøyttare på heimeskule, seier klassekameraten hennar, Vebjørn Wefring.

Ei krevjande tid

Torsdag 16. desember innførte regjeringa raudt nivå i vidaregåande skular.

Det betyr i praksis at elevane vert delte opp i mindre grupper for å halde avstand, samstundes som dei byter på å få undervisning på skulen og digitalt heime.

Steinar Strømsli

MANGE ER SLITNE: Det har vore krevjande for både elvar og lærarar. Mange har strekt seg langt under pandemien, seier Steinar Vegsund Strømsli.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Både elevar og lærarar har mått strekke seg langt under pandemien og mange er slitne, ifølgje Steinar Vegsund Strømsli, fylkeslagsleiaren for Utdanningsforbundet i Vestland.

Han fortel at mange lærarar er på felgen, og situasjonen gjeld i heile Noreg.

– Det har vore ein belastande situasjon over heile landet. Det har vore ein kraftig oppstart etter ein nødvendig juleferie, seier Strømsli.

Nok ein koronaskuledag

I Oslo møter NRK elevar ved Elvebakken vidaregåande skule.

Otto Hodne-Tandberg synest det er litt kjipt å høyre historier om korleis kvardagen på vidaregåande eigentleg skal vere.

– Men lærarane har prøvd å gjere det beste ut av det, seier Hodne-Tandberg.

No er skuleklassa oppdelt slik at halve er heime og halve på skule.

– Det er også kjipt å tenke på at du aldri har hatt eit normalår på vidaregåande. Dette er vårt siste skuleår og vi har hatt null år med ordentleg skule, seier Jenna Gabrielsen.

Gabrielsen skulle ønske at ho kunne få litt meir tid på skulen saman med venene sine.

Elevar ved Elvebakken skole i Oslo. Otto Hodne Tandberg og Jenna Gabrielsen.

ALDRI NORMALÅR: – Kjipt for oss når det er vårt siste skuleår og vi har hatt null år med skikkeleg skule, seier Jenna Gabrielsen. Her saman med klassekamerat Otto Hodne-Tandberg.

Foto: Rushda Syed / NRK

Meiner regjeringa må snu

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) meiner det er heilt vanvitig at vidaregåande skular må vere på raudt nivå sjølv når lokale smittetal er låge.

– Eg meiner regjeringa no omgåande må få slutt på raudt nivå i vidaregåande skule, seier han til NRK.

Alfred Bjørlo

NOK NO: Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) meiner det er på tide å få elevane tilbake på skule.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han syner til at massetestinga av skuleelvane etter nyttår har vist at det er lite smitte. Bjørlo meiner at tiltaka ikkje står i stil med smittefaren, og at det får store konsekvensar på mange område når ungdommane ikkje får kome på skulen.

Vanskeleg å følgje opp elevane

Konsekvensane ser lærar Ingunn Lien kvar einaste dag.

– Du får ikkje følgt opp elevane på same måte. Dei bør ikkje bli sitjande aleine heime på eit rom, der dei gjerne snur døgnet også, seriar Lien

Korleis held du motet oppe som lærar når det går frå gult til raudt så langt ut i pandemien?

Då går vi i kjellaren og grin litt. Nei da. Vi må jo berre dra til der vi kan og hive oss rundt. Fleksibilitet er vi lærarar gode på i utgangspunktet, seier Lien.

Ingunn Lien, lærar ved Florø vidaregåande skule

RAUDT NIVÅ: Lærar Ingunn Lien må ofte ringe til elevar for å sjekke at dei får beskjedar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Blir snart ny vurdering

I første omgang skal tiltaka som blei innførte 16. desember vare til 14. januar.

I ein e-post til NRK svarar rådgivar i kunnskapsdepartementet Tuva Gaarder Nordlie at tiltaka ikkje skal vare lengre enn det som er naudsynt.

– Eg har stor forståing for at både elevar og lærarar synast det er vanskeleg, og eg håpar vi kan gå vekk frå raudt nivå nasjonalt i vidaregåande så snart som mogeleg. Regjeringa sitt mål er at elevane skal kunne vere mest mogeleg på skulen.

I dag er det berre grønt eller raudt nivå som gjeld for vidaregåande. Gult er ikkje eit reelt alternativ, og difor starta elevane opp i raudt nivå etter juleferien.

– Vi vil sjå på om det er mogeleg å gjere nokre justeringar i korleis gult nivå fungerer på vidaregåande, slik at nivået blir eit meir reelt alternativ.

Kva som skjer framover er altså usikkert, men den andre veka i januar vil smitteverntiltak bli vurdert på nytt.