– Det går utover utviklinga og det går utover lokalsamfunnet som heilskap.
Det seier Jonas Aasen Engebø (16), nestleiar i ungdomsrådet i Sogndal kommune.
Han snakkar om uroa som har prega Sogndalspolitikken den siste tida. Uroa skyldast interne konfliktar, som verkar utfordrande å nøsta opp i.
Debattklima i kommunen har skapt reaksjonar blant innbyggjarane.
Engebø ytra først meininga si i eit debattinnlegg i Sogn Avis.
Bekymra
Han har god kjennskap til ungdomsmiljøet i Sogndal.
Fleire har inntrykk av at personlege konfliktar og spekulasjonar tek meir plass i kommunestyret, enn viktige politiske saker, ifølge Engebø.
Han tykkjer situasjonen er utfordrande og fryktar usemja hindrar utvikling.
– Ja, det gjer eg. Dei er kollegaar, og dei kan vera ueinige, men dei skal alltid hugse at det er innbyggjarane som er førsteprioritet.
Alvorlege skuldingar
Politikarane har brukt media til å uttala seg mot kvarandre. Enkelte har kome med alvorlege skuldingar og utsegn.
- Enya Heggestad / NRK
Varaordførar Gunnhild Olstad Bøyum (H)
Varaordføraren har til Sogn Avis fortald om vakenetter, og at ho ikkje torer å vera i same rom som ordføraren aleine. Ho har også sagt at ho har blitt halden utanfor av ordføraren.
- Enya Heggestad / NRK
Rita Navarsete (Frp)
Rita Navarsete har hevda at kommunedirektøren har ringt rundt til innbyggjarar og skremt livsskiten ut av dei. Ein påstand han ikkje kjenner seg igjen i.
Arbeidsgjevarutvalet bestemde onsdag 30. oktober at kontrollutvalet skal undersøkja påstandane frå Navarsete.
- Sondre Dalaker / NRK
Arnstein Menes (Sp)
Arnstein Menes har sagt at fleire representantar dreg sladder og skitprat inn som sanningar i dei politiske møta. Og at ordførar og Arbeidarpartiet, med hjelp frå Framstegspartiet, freistar å setja kommunedirektøren og Sogndal kommune i eit dårleg lys.
- Sondre Dalaker / NRK
Clara Øberg (Ap)
Clara Øberg har sagt at Arnstein Menes jobba iherdig for å stogga både debatt og spørsmål i kommunestyret.
- Sondre Dalaker / NRK
Ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap)
Ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) har sagt at Arnstein Menes er god på å senda tvitydige signal.
Fleire av politikarane beskriv situasjonen som kaotisk, og at dei no ønskjer ro i kommunen.
– Innbyggjarane i Sogndal er leie av uro og skittkasting i Sogndalspolitikken. Det må til eit betre samarbeidsklima. Men det må skje i dei opne fora, der kan ein ha opne og gode debattar om dei tinga som gjer at Sogndal kan få ro i politikken, seier ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap).
Ordføraren er klar på at situasjonen er krevjande for alle partar.
Foto: Enya Heggestad / NRKKva tenkjer du om at ungdommane i kommunen din no uroar seg?
– Eg synest det er ein veldig trist situasjon vi står i no. Og det einaste vi treng no, er ro i sogndalspolitikken.
Gått for langt
Etter langvarig strid mellom politikarane, som ikkje ser til å ta slutt, såg Engebø i ungdomsrådet seg nøydd til å seia noko.
Han fortel at situasjonen er utfordrande fordi den går utover så mykje meir.
Engebø og andre ungdomar bekymrar seg for utviklinga i kommunen sin.
Foto: Enya Heggestad / NRKDet trur Frp sin gruppeleiar Rita Navarsete at han har heilt rett i.
– Dei er jo framtida vår, og me skal prøva å lokka fleire ungdommar inn i politikken. Eg trur ikkje dette er måten å gjera det på. Ingen ungdommar ønskjer å stå i slike stormar som me står i no, seier ho.
Aukande trend
Asbjørn Røiseland er professor ved Oslo Met. Han har forska på politisk leiarskap, spesielt knytt til kommunar.
Røiseland si oppfatning er at eit rått debattklima, slik ein kan sjå i Sogndal no, har blitt meir normalt dei siste ti åra.
Han meiner at det skremmer spesielt unge, uerfarne politikarar frå å engasjera seg i politikken.
Også han trur at slik usemje kan gå utover utviklinga i eit lokalsamfunn.
– Det blir sannsynlegvis ikkje tid til å ta breie avgjerder. Det vil gå utover evna til å prioritera, seier han.
– Me må hugsa at politikarane si viktigaste oppgåve er å organisera og styra eit lokalsamfunn, ikkje å krangla seg i mellom, legg han til.
Asbjørn Røiseland, professor ved Oslo Met.
Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRKLiknande erfaringar
Ein annan kommune som har vore ridd av personkonfliktar er Askøy utanfor Bergen. For eit par år sidan overskygga konfliktar det meste i kommunen.
– Det var ganske krevjande. Trass i at vi eigentleg var ganske einige, var vi ikkje villige til å komme fram til kompromiss, minnest noverande ordførar Yngve Magnus Fosse (H).
Så vart det teke grep. Dei to største partia Ap og Høgre gjekk til val på at konfliktnivået skulle bli lågare.
Askøy-ordføraren er sjølv utflytta sogning frå nettopp Sogndal kommune. Nyleg tok han til tastaturet og uttrykte i eit lesarbrev uro over det som skjer i heimkommunen.
– Set dykk ned, legg ned stridsøksene, prinsippa og stoltheita til sides og spør kvarandre; korleis kan vi jobba saman til det beste for kommunen?
Botnpunktet
Redaktør Arve Uglum i Sogn Avis har følgt debatten tett. Han legg ikkje skjul på at han etter tallause artiklar, har fått nok av kjeklinga.
– Eg har vore sint og sur, men no tykkjer eg aller mest synd i dei involverte. Dei vil ikkje dette sjølv heller, seier Uglum.
No har han eit håp om at kranglinga blant dei ansvarlege i kommunen – med 1300 tilsette – har nådd botnen.
– Me kjem til eit punkt der dette blir så parodisk at ein blir nøydd til å snu på flisa og gjera det på ein annan måte. Av omsyn til innbyggjarane i Sogndal kommune, og ikkje minst alle dei tilsette.