Hopp til innhold

Stort kjendisbryllaup i Lærdal - Daniel Franck fekk si Ulrikke

Daniel Franck og Ulrikke Døvigen gav kvarandre sitt ja i Tønjum kyrkje i Lærdal.

Tønjum kyrkje var fylt til randa då den tidlegare snowboardproffen Daniel Franck og skodespelaren og programleiaren Ulrikke Døvigen gifta seg laurdag ettermiddag.

Ifølgje Se & Hør har dei to vore forlova i elleve månader og no er dei altså mann og kone.

Blant gjestane var eit par som har eit nært forhold til Sogn, nemleg artisten Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie. Dei to forlova seg i Paris denne veka, og i motsetnad til brudeparet har Damli Aaberge allereie avkrefta at det blir noko sognebryllupp.

Bruda var kledd i ein vakker kjole med langt slep og kom til kyrkja i ein elegant svart Porsche. Medan brudgommen kom i dress med tversoversløyfe. Etter seremonien i kyrkja var det eit lykkeleg par som kom ut dørene.

– Ho er min store kjærleik, seier Daniel Franck til VG. På førehand hadde han sagt til same avis at han var nervøs og hadde sove dårleg natt til i dag.

Bryllaupsfesten held fram på Kapteingsgarden på Ljøsne. Ifølgje VG har garden vore eigd av familien til bruda sin stefar, Halvor Astrup, sidan 1950.