Hopp til innhold

Anna (18) frå Ukraina blir student i Noreg: – Glad for å få fortsetta livet

Det blir tatt spesielle grep for å få plass til 1000 ekstra studieplassar til flyktningar frå Ukraina denne hausten.

Studievegleiingsmesse ved uiB for unge ukrainarar. I midten: Ukrainske Arina Korostii (20) til venstre, og Anna Dmitrova (18) til høgre.

MESSE FOR UNGE FLYKTNINGAR: Ukrainske Anna Dmitrova (i midten) er på utdanningsmesse i Bergen, og glad for «moglegheita til å fortsetta livet sitt».

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Målet mitt er ein jobb der eg kan hjelpa folk. Med det som har skjedd i heimlandet, er eg veldig glad for dei moglegheitene me får til å fortsetta liva våre her.

Det seier Anna Dmitrova (18).

Universitetsaulaen i Bergen dirrar denne dagen av draumar og håp, og mange spørsmål.

Over hundre ukrainske ungdommar har kome for å prøva å finna ein måte å fortsetta studieløpet sitt.

Anne står midt i stemmesurret i den ærverdige salen.

I april løyvde regjeringa 48 millionar kroner til 1000 ekstra studieplassar for ukrainske flyktningar i Noreg.

Etter det har behovet for studierettleiing blant flyktningane vore stort.

Denne veka arrangerte derfor Universitetet i Bergen (UiB) ei stor studiemesse for ukrainske ungdommar.

Dette er ein av mange plassar som no planlegg for ein haust med studentar frå Ukraina.

Studievegleiingsmesse ved UiB for ukrainske unge

STEMMESURR: Over hundre ukrainske ungdommar hadde mykje å spørja om på UiB si utdanningsmesse spesielt for dei.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Avbrotne studiar

Blant dei ukrainske flyktningane som har kome til Noreg, er det mange unge studentar som har måtta forlata heimlandet midt i utdanninga.

I vinter har mange av dei bede universiteta om hjelp til å halda fram studiar her i landet.

– Psykologi er draumen min, seier 20-åringen Arina Korostii.

Ho er glad for å vera i Bergen og håpar å få utdanna seg til å jobba med barn.

– Dei fleste som kjem til min stand, har byrja på ei medisin- eller helseutdanning i Ukraina og fått den avbroten på grunn av krigen. Dei lurer på korleis dei kan fortsetta studiet i Noreg.

Det seier Eirik Dalheim, som står i aulaen som representant for det medisinske fakultetet i Bergen.

Eirik Dalheim

RETTLEIING: Eirik Dalheim gjev hjelp til mange medisinstudentar som har måtta avbryta utdanninga på grunn av krigen i Ukraina.

Foto: Linne Skare Oskarsen / NRK

Undervisning på norsk

– Den største utfordringa er at medisin eller andre profesjonsutdanningar ikkje har tilbod på engelsk. Undervisninga er stort sett på norsk. Det gjeld nok dei fleste tilsvarande studiestadane i Noreg.

Mykhailo Marusiak (22) i den ukrainske studentforeininga ved Universitetet i Bergen (UiB) lanserte idéen om ei slik messe, og er veldig glad for at universitetet gjennomfører det.

– Dette er veldig flott. Det kom i stand delvis takka vera oss i foreininga, seier han.

Studievegleiingsmesse ved UiB for unge ukrainarar. Mykhailo Marusiak (22) i den ukrainske studentforeningen ved UiB.

INITIATIV: Mykhailo Marusiak (22) i den ukrainske studentforeininga bad UiB arrangera ei messe for å gjev hjelp til unge ukrainske flyktningar.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

UiB har søkt om å få 250 av dei 1000 ekstra studieplassane i Noreg som frå hausten er øyremerkte spesielt for ukrainarar.

– Det synst eg er utruleg fint å få stilla opp på denne måten, seier rektor Margareth Hagen.

Utdanning som kriseberedskap

Den ordinære søknadsfristen til høgare utdanning er 20. april. Men det blir gitt utsett frist for ukrainarar som har måtta rømma frå krigen i heimlandet sitt.

Hagen peikar på at universitetet ikkje berre er ein utdanningsinstitusjon.

– Me er også viktig ein samfunnsinstitusjon som er der når kriser oppstår. Både kunnskapskriser og andre kriser. Me er på mange måtar ein del av samfunnsberedskapen.

– Kan studentar som var komne halvvegs i Ukraina, fortsetta i Noreg der dei slapp, eller må dei begynna på nytt?

– Me vil sjå kor langt me kan strekka oss for å legga til rette for individuelle tilpassingar. Men så er det nokre studiar der ein må begynne frå starten igjen viss ein skal ta dei i Noreg, seier ho.

F.h.: Ukrainske Arina Korostii (20), Anna Dmitrova (18) og Taya Korostii (18)

NY FRAMTID: Tre ukrainske studentar på utdanningsmesse i Bergen, frå høgre Arina Korostii (20), Anna Dmitrova (18) og Taya Korostii (18).

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK