Hopp til innhold

Udjus kom til Sogndal for å spele - i staden har han hatt fem kampar på benken

– Ein spelar i min alder bør ikkje sitje på benken, sa Kenneth Udjus (31) i juli før han gjekk på utlån til Sogndal. Men etter det er det nettopp på benken han har sete...

Nils Kenneth Udjus

FRUSTRERT: Kenneth Udjus skulle gjerne fått vise kva han er god for mellom stengene for Sogndal. Men til no har han slite benken.

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

I juli var det klart at keeper Kenneth Udjus skulle lånast ut til Sogndal etter å ha slite benken i Lillestrøm, noko Udjus sjølv ville, då han var lei av å ikkje få speletid i LSK.

Udjus spelte ikkje ein einaste seriekamp for LSK denne sesongen, og var eit klart andreval bak Arnold Origi.

I Sogndal har Mathias Dyngeland stått stødig mellom stengene, og kan notere seg for 1440 minuttar spelt og 16 kampar, ifølgje statistikken på sogndalfotball.no. Samtidig har Leif Lysne og Kenneth Udjus halde benken varm.

Er i veldig god form

31-åringen frå Kristiansand legg ikkje skjul på at det gneg han.

– Det er frykteleg frustrerande. Eg er i veldig god form og føler at mi tid er inne, seier Udjus, som er klar på at han ikkje kom til Sogndal for å slite benken også der.

Udjus kom til Sogndal etter fleire år på benken i Brann, men tok steget opp og etablerte seg som ein av dei betre keeperane i eliteserien. Mellom anna sette han ny rekord i eliteserien for flest minutt utan baklengsmål, og kunne plassere Kniksen-prisen på peishylla.

Det vil han gjerne gjere igjen. Men då må han få speletid mellom stengene. Og der står for tida stortalentet Mathias Dyngeland støtt. Dyneland signerte i mars i år ny kontrakt med Sogndal, noko som held han i klubben fram til 2017.

– Det er flott at vi er fleire gode keeperar, ingenting er betre enn det. Og vi har glitrande treningar, slik sett passar det fint at vi er tre, seier Udjus.

Krevjande med avstand når ein ikkje får spele

Han presiserer at han trivst godt i Sogndal og tykkjer det er kjekt å vere tilbake i klubben etter fleire år.

– Det er kjekt å vere tilbake. Det er ein trygg og god klubb med sunne verdiar, seier Udjus.

Men heime i Oslo sit kona Camilla og sonen Milo Matheo på vel eitt år, og Udjus er klar på at det kostar å vere så langt frå familien.

– Det er klart det er krevjande, spesielt når ein ikkje får spele, seier Udjus.

Sidan han er i utlånskontrakt med Sogndal ut året, er det heller ikkje eit alternativ å flytte kone og barn med til Sogndal.

– Nei, ho har fast jobb og guten har barnehageplass, så det er ikkje ei løysing, seier Udjus.

Er svolten som få

Han er låst i utlånskontrakt med Sogndal ut året. Han har ytterlegare eitt år att av kontrakten med Lillestrøm, og skal etter planen returnere dit etter nyttår. Men han ser helst at han ikkje må sitje på benken til dess.

– Eg er svolten som få, så eg er klar til å få sjansen, seier Udjus.

Sogndal-trenar Jonas Olsson vil ikkje seie noko om Udjus får sjansen til å spele mot Start, i Udjus sin eigen heimby Kristiansand, når laga barkar saman søndag.

– Nei, startoppstillinga held eg for meg sjølv enn så lenge, seier Olsson.

– Men var det noko vits i å låne Udjus frå Lillestrøm dersom han berre skal slite benken?

– Slik det har vore no, har Mathias Dyngeland vore veldig dyktig. Han er førstevalet vårt no, seier Olsson, som ikkje vil komme med noko anna årsak til at Udjus ikkje har fått speletid.

– Vi har dyktige målvakter i både Dyngeland og Lysne. Slik sett er vi heldige, seier Olsson.