Hopp til innhold

Den mystiske ubåten i Sverige vekkjer minne frå ubåt-jakta i Sogn i 1972

Medan det svenske forsvaret jaktar ein mogleg framand ubåt i farvatnet utanfor Stockholm, vekkjer saka også minner i Sogn. For 42 år sidan var det nettopp i Sogn jakta gjekk føre seg. Det hugsar journalist og forfattar Rune Timberlid godt.

Men vi lyt skru tida tilbake til november 1972. Indre Sogn låg hauststille. Plutseleg dukka observasjonane opp. Både den eine og den andre hadde sett noko som kunne vere ein ubåt i verdas lengste fjord.

Såg dei feil? Var det ein spøk? Var det ei opptrapping av den kalde krigen? Spørsmåla var mange. Og jakta på den moglege russiske ubåten i Sognefjorden var i gang.

Var 16 dramatiske døgn

Rune Timberlid var ute på ein av sine første jobbar som journalistlærling i Sogn Dagblad. Då gjekk ubåt-alarmen.

Rune Timberlid

MYSTISK: – Alt som er mystisk vekkjer interesse, seier journalist og forfattar Rune Timberlid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det vart 16 veldig dramatiske døgn langs Sognefjorden. Kanskje det mest dramatiske som har skjedd i Sognefjorden si historie, seier Timberlid.

Meldingane tikka inn om at det skulle vere observert ein framand ubåt i Sognefjorden. Ein av dei beste registreringane vart gjort i Sogndalsfjorden.

Alt starta med at fleire personar på Vangsnes såg eit periskop i vassflata på den blanke Sognefjorden søndag 12. november, om lag klokka 14.30. Ein av dei, Mons Langeteig, varsla Sjøforsvaret. Og då var det gjort.

– Verdspressa rykka inn, truleg for første gong i Sognefjorden. Dei etablerte seg på Sogndal hotell og hadde det som base, seier Timberlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

LEITTE: Mange fregattar tråla Sognefjorden ut og inn for å få has på den mystiske ubåten.

Foto: Arkivfoto: NRK

Var atomtrugslar i aust og vest

Han hugsar novemberdagane like klart som om det skulle vere i går. Etter kvart kom fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og tre helikopter til Sognefjorden for å delta i leitinga på den mystiske ubåten 16 dagar til ende.

– Det var dramatiske dagar. Det for fregattar ut og inn fjorden, Orion-fly strauk bølgjetoppane, det kom britiske helikopter som senka sonarar ned i sjøen og det vart sendt søkkeminer ned i både Aurlandsfjorden og i Sogndalsfjorden. Det var klart alvor, seier Timberlid.

Han minner på at dette var medan den kalde krigen var på sitt mest kjølige. Hadde dei norske marinefartøya greidd å tvinge ein ubåt frå eit austblokkland til overflata, ville det vore ei svært dramatisk hending.

– Det var terrorbalanse med atomtrugslar både i aust og vest. Det var alvor og dramatisk. Men for ei ung journalistspire var det minne for livet, seier Timberlid.

Nysgjerrige laga kaos på land

På land var folk på alerten som aldri før, og ubåten var den store saka som alle prata om. Marineskipa stod omtrent i kø ved munninga til Sognefjorden, i håp om at dei skulle hindre ubåten i å sleppe ut.

Dramatikken nådde nye høgder då ein observerte eit mystisk marinefartøy som ein trudde var eit russisk skip som var på veg for å fri ubåtmannskapet sitt ut frå klemma. Men så kom det for dagen at det berre var eit fransk militært skulefartøy på fredeleg oppdrag i Sogn.

VG 27. november 1972 - Hvorfor slapp u-båten unna?

MYKJE PRESSE: Presseoppbodet var stort i Sogn i novemberdagane i 1972. Her faksimile frå VG 27. november same år.

Foto: NRK

Også på land skjedde det artige ting, for folk og eit haleheng med presse følgde med. Ofte kunne ein sjå ein hale av nysgjerrige som følgde marinefartøya frå land.

Ein gong fann dei på marinefartøya ut at dei ville ha det litt moro med landkrabbane, så dei bråsnudde KNM «Trondheim», med det resultat at det skapte fullt kaos på vegen då alle dei nysgjerrige prøvde å snu samtidig.

Brukte historia i eine boka si

Og historiene frå novemberdagane i 1972 lever framleis i beste velgåande.

– Eg høyrer framleis innimellom frå folk som meiner dei veit noko om ubåtjakta i Sognefjorden. Dette er ei historie som har levd og levd rett og slett fordi vi aldri fekk fasitlivet, seier Timberlid.

Han har sjølv levd med historia i heile sitt journalistiske liv, og har også trekt vekslar på historia i sitt forfattarskap.

I 2003 skreiv han boka «Red Mercury», og då var nettopp ubåten i Sognefjorden bakteppet.

– Boka handlar om Sognefjorden i vid forstand, og då hadde eg ei parallell historie der eg brukte ubåthistoria og det eg kan om den. Der kom sjølvsagt ubåten opp til slutt. Men i mi fiktive verd synte det seg å vere ein amerikansk ubåt, seier Timberlid og smiler.

Trur neppe historia vil døy

Han har ikkje vanskar med å forstå kvifor folk no følgjer nøye med på det som skjer i farvatnet utanfor Stockholm.

– Viss det er ein framand ubåt så er det grove krenkingar av eit lands territorium. Samtidig er det ein mystikk rundt det. Ein jaktar på noko ein ikkje ser, og ein er ikkje sikker på om det er noko der eller ikkje. Denne uvissa gjer at folk blir interessert. Alt som er mystisk, interesserer oss, seier Timberlid.

Han trur den moglege ubåten i Sverige vekkjer til live historia om ubåten i Sognefjorden.

– Denne historia er ikkje død. Eg trur ikkje ho kjem til å døy før min generasjon er vekk, eller at vi får det endelege svaret på om det var ein ubåt i Sognefjorden eller ei, seier Timberlid.

Skal ha vore i Lustrafjorden

I 2010 vart dokument om ubåtjakta i Sognefjorden nedgraderte. Dei synte at den framande ubåten oppheldt seg i Sognefjorden i 12 dagar, og at han var i Lustrafjorden mesteparten av tida.

I dei same dokumenta kom det fram at den framande ubåten kan ha hatt hjelparar på land ved Hermansverk, som sende opp rakettar for å avleie dei norske fregattane.

Forsvaret klarte aldri å slå fast nasjonaliteten, men trur ubåten var sovjetisk og at han kom frå Østersjøflåten.

– Både forsvarsminister og forsvarssjef sa jo at det var ein ubåt i Sognefjorden. Andre har komme til ein annan konklusjon, men det er veldig sannsynleg at det var ein ubåt der, seier Timberlid.

Er viss på at det var ein ubåt der

Då han skreiv romanen sin i 2003, systematiserte han ein del av det lokalavisene hadde skrive om hendinga.

– Og viss vi stolar på at sogningar er sindige observatørar, og det trur eg dei er, så trur eg vi kan slå fast at det var meir enn ein ubåt i Sognefjorden den gongen. Men nasjonaliteten kjenner vi jo ikkje, seier Timberlid.

Han peikar på at idet alarmen gjekk, så er det logisk å tenkje at både det norske forsvaret og NATO kanskje sende inn ubåtar.

– Men at det var meir enn ein ubåt i Sognefjorden, det er eg overtydd om, seier Timberlid.

– Trur du at det er noko ukjent i fjorden utanfor Stockholm?

– Det trur eg heilt sikkert. Men kva det er, står att å sjå, seier Timberlid.