Hopp til innhold

Folket krev ubåtsvar no

Forventar at Forsvarsministeren gjev skikkeleg svar om ubåtaksjonen i 1972 under Stortingets spørjetime klokka 11 onsdag.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Ubåtjakt i Sognefjorden i 1972

Foto: NRK

- No forventar eg at sanninga kjem fram og at me ikkje får alle desse unnvikingane som ikkje er svar. Ei gong må det verta slutt på dette, og ting må på bordet for at ein skal verta ferdig med dette, seier Johanna Vangsnes som såg ubåten i 1972.

Høgre tek opp saka i Spørjetimen

Johanna Vangsnes ved Sognefjorden der ein ubåt vart observert i 1972.

Johanna Vangsnes ved Sognefjorden der ein ubåt vart observert i 1972

Foto: Bård Siem / NRK

Det er framleis ein god del informasjon om ubåtaksjonen i Sognefjorden i 1972 som er hemmelegstempla . Det gjeld mellom anna dokument som inneheld tryggleiksmessige og operative forhold i samband med sjølve aksjonen.

- Så lenge ein lever ser ein jo akkurat det ein såg då. Eg såg jo periskopet og ein del av båten.

- Og naboen din såg det same samstundes?

- Det gjorde me. Eg såg ubåten til den forsvann i Sognefjorden.

Men ubåten, som vart sett av fleire og som norske krigsskip hadde sonarkontakt med, vart aldri funnen.

Peter Gitmark frå Høgre vil i Stortingets spørjetime klokka 11 onsdag krevja svar frå Forsvarsminister Grete Faremo om saka.

Peter Gitmark

Peter Gitmark (H) vil krevje svar om ubåtsaka frå Forsvarsministeren i Stortingets spørjetime onsdag

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

- Denne saka er så gamal, og det forsvarsmaterialet og doktrinar som er vortne brukte er forelda. No er det meir ålmenta sin rett til å vita som er styrande i staden for at ein skal hemmeleghalde av gamal vane, seier Gitmark.

Spente

Odd Vangsnes er eigar og drivar av den lokale Joker-butikken på Vangsnes. Han fortel at ubåtsaka har vore mykje diskutert i bygda i dei siste månadene, og at folk vil ha svar på kva som eigentleg skjedde. Vangsnes er spent på forsvarsministeren si orientering i Stortinget i dag.

- Me må ha fram sanninga. Det er ikkje noko anna me er ute etter. Eg trur på dei som såg ubåten den gongen. Men kva nasjonalitet kan ikkje eg svara på.

- Kva trur du då?

- Eg trur det var ein russisk ubåt. Kven andre hadde interesse av å koma inn hit i fjorden. Men sanninga må på bordet. Kjem den ikkje no, kjem den seinare.

Skuffa om svaret er er dårleg

Grete Faremo

Forsvarsminister Grete Faremo må svar for seg klokka 11 onsdag

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Forsvaret har i nedgraderte dokument hatt som hovedhypotese at den den ukjende ubåten var russisk, og at han var i Sognefjorden for å finne ut om dette var ein eigna stad for å skyte ut atomrakettar mot USA. Men Olav Fimreite på Vangsnes har følgjande teori om kvifor forsvaret så langt har nekta å frige enketle dokument i saka.

- Det kan vel vera sensitive opplysningar dei ikkje vil ut med. Spesielt viss det var snakk om ein alliert ubåt er det vel litt pinleg.

Johanna Vangsnes krev at Faremo legg alle korta på bordet no.

- Viss ikkje vert eg veldig skuffa. Er det noko i dokumenta som tilseier at dei ikkje kan sleppa dette, eller andre ting rundt det? Eg håpar det vert eit skikkeleg svar, for det er mange både politiske grupper og andre som krevjer det.