Hopp til innhold

Uavgjort i treningskamp mellom Sogndal og Åsane

Det enda med 0–0 på Fossahaugane då Sogndal og Åsane møttest til treningskamp laurdag ettermiddag.

– Begge lag hadde god kontroll i omtrent heile kampen, og det var ikkje mykje jobb for keeperane, skriv Sogndal Fotball på sine nettsider.

Neste kamp for Åsane blir mot Brann 8. mars. Sogndal skal spele mot Hødd 9. mars.