Hopp til innhold

Dårlegaste innsamlingsresultat på 20 år: – Veldig fornøgde uansett

Atlas-alliansen har førebels fått inn 248 millionar kroner. Ikkje sidan 2005 har norske innbyggarar og bedrifter gitt så lite til tv-aksjonen.

En gruppe mennesker som danser

JUBEL: Tv-aksjonen har førebels gitt «berre» 248 millionar kroner. – Kvar krone tel, seier Marit Sørheim i Atlas-alliansen (i midten).

Foto: Nina Kausland / NRK

– Vi er kjempefornøgde. Det har vore eit enormt frivillig engasjement i heile Noreg.

Det seier dagleg leiar Marit Sørheim i Atlas-alliansen, som får pengane frå årets tv-aksjon.

Målet er å gi funksjonshemma som lever i fattigdom og krig eit betre og meir verdig liv.

Det nyaste oppdaterte innsamlingsbeløpet ser du her.

Dame med langt, krølla hår smiler og jublar med hendene over hovudet

– Dette kjem til å gjere ein stor forskjell i dei sju landa som pengane skal gå til, seier Marit Sørheim.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

165 millionar meir i fjor

Då tv-sendinga var ferdig søndag kveld, var det samla inn 238 millionar kroner. Måndag klokka 14 har summen auka til 248 millionar.

– For oss er dette eit utruleg godt resultat. Det kjem til å gjere ein stor forskjell i dei sju landa som pengane skal gå til, seier Sørheim.

238 millionar tilsvarer likevel berre 66 prosent av det Barnekreftforeininga hadde fått inn i det tv-sendinga var over i 2024.

Fjorårets tv-aksjon gav tidenes beste innsamlingsresultat: 366 millionar kroner då helga var over, og 49 millionar i månadane etterpå.

Fasiten enda i fjor på 415 millionar kroner i desember.

Ein augelege ser på auga til ei dame gjennom eit apparat

Etter augeoperasjonen kan nepalske Dhansari Reshmi Thapa jobbe og forsørgje seg og sonen igjen.

Foto: Otto Voldsund / NRK

Les også TV-aksjonen 2025 går til funksjonshemma i krig og fattigdom

Ei dame sit med kvite bandasjer for auga.

Den innsamla summen etter aksjonshelga i år er også låg samanlikna med tv-aksjonane sidan starten i 1974.

Her er innsamlingsresultata for alle dei tidlegare 51 åra (omrekna til kroneverdien i 2024).

248 millionar kroner i år er det svakaste resultatet på 20 år.

Beløpet tilsvarer omtrent 232 millionar 2024-kroner. I 2005 fekk tv-aksjonen inn totalt 229 millionar kroner.

Ser endeleg resultat i desember

Sørheim heng ikkje med hovudet av den grunn.

– Vi er berre veldig fornøgde uansett. Kvar einaste krone tel, seier ho.

Leiar for tv-aksjonen, Nina Elisabeth Larsen, seier beløpet kjem til å stige gjennom dei neste dagane og vekene.

– Det endelege resultatet ser vi i desember. Men om vi samanliknar med åra tidlegare, så ser vi at dette framleis er ein god aksjon.

– Sjølv om det er 20 år sidan tv-aksjonen enda under 240 millionar kroner?

– Vi får sjå korleis det blir når vi samanfattar. Men vi er jo godt fornøgde likevel, seier Larsen.

Les også Bildekollasj av auksjonsting

Sju bilde satt saman til eitt, av ulike auksjonsobjekt

Veit ikkje årsakene

Tv-aksjonsleiaren kan ikkje forklare kvifor beløpet er lågt.

– Det er vanskeleg å seie årsaker til at beløpet er noko lågare nå. Om det er årets tema, nordmenns økonomiske situasjon, generell givarglede eller andre ting. Det skal vi bruke dei neste dagane på å djupdykke i og forstå, seier Larsen.

– Var årets tema og mottakar mindre engasjerande enn før?

– Nordmenn er veldig flinke til å gi til mange formål, nesten uansett kva økonomisk situasjon dei er i.

Larsen seier det historisk ikkje har vore store forskjellar i engasjement på nasjonale eller internasjonale tema. Men kreftsaka engasjerer spesielt sterkt, slik som i fjor.

Mangla bøssebærarar

Tett opp mot søndagen mangla tv-aksjonen framleis 10.000 bøssebærarar.

– Kva det tyder på, er vi litt usikre på. Men vi mobiliserte, og svært mange melde seg gjennom helga. Det er vi veldig glade for, seier Larsen.

Ifølge henne var det omtrent like mange bøsseberarar som i 2023, kanskje nokon færre.

Atlas-alliansen tolkar ikkje mangelen på bøssebærarar som symptom på laber interesse.

– Nei, eigentleg ikkje, for det ordna seg jo. I siste liten melde mange seg, og talet enda ganske bra, seier Sørheim.

en gruppe mennesker som sitter på en benk under en paraply
Foto: NRK TV-aksjonen

Les også Manglar 10.000 bøsseberarar til årets TV-aksjon

en gruppe mennesker som sitter på en benk under en paraply

Skal evaluere profileringa

Larsen veit ikkje kor mykje pengar ein kan vente kjem inn i etterkant.

– Nokre gonger kjem mesteparten i forkant. Mange gonger kjem mykje etterpå.

– Har TV-aksjonen vore profilert og annonsert godt nok i år?

– Vi får veldig mykje gratis annonsering og har nådd godt ut via sosiale medium. Profileringa var gjennomgåande god den siste veka. Men vi skal evaluere om det er noko vi kunne gjort annleis.