Måleriet blei skapt på direkten under TV-sendinga, og nådde ein svært høg sum.
Auksjonen blei avslutta under TV-aksjonen på NRK1 søndag 19. oktober
Dette gjekk auksjonsobjekta for:
Måleri av Vebjørn Sand og Bjørg Thorhallsdottir
Dei måla musikkstjerna Aurora på direkten i TV-aksjonen.
Dette måleriet gjekk for 322.822 kroner.
Her får Aurora se maleriet av seg selv
I tillegg gjekk kjolen som Aurora blei måla i, for 35.300 kroner.
Date med Gyda Oddekalv
Ho blei utestengd frå Tinder på livstid, men du kunne by på ein date.
Norges mest omtalte auksjonsobjekt landa på 420.000 kroner.
Slangesko-kurs med Ole Henry Snildalsli
Hans legendariske, heimelaga slangesko har tatt humor-Noreg med storm.
Folk kunne by på kurs med Ole Henry for å lage slike, det gjekk for 10.000 kroner.
Intim-joik av Mikkel Gaup
Den prisvinnande samiske skodespelaren og joikaren Mikkel Gaup donerte ein personleg joik til bodvinnaren.
Summen enda på 15.800 kroner.
Papaya-innspeling heime hos deg
Steinar Sagen, Tore Sagen og Bjarte Tjøstheim donerte ei innspeling av podkasten Papaya heime hos deg.
Dette enda på 85.500 kroner.
Sete frå Oslo-trikken
Denne originale tosetaren frå SL79-trikken frakta oslofolk i over 40 år.
Setet blei sveisa om så det stod støtt, og enda på 40.100 kroner.
Laksekort i Altaelva
Alle laksefiskarar sin store draum, som er vanskeleg å få tak i, kunne du også by på.
Dette gjekk for 315.000 kroner.
Teppe av Ikea + Virgil Abloh
Eksklusivt teppe designa av Virgil Abloh, kreativ direktør for Louis Vuitton og grunnleggar av motemerket Off-White.
Dette gjekk for 15.500 kroner.
Få ein vits kvar dag
Komikar Vegar Tryggeseid donerte ein unik, fersk vits direkte til deg, kvar einaste dag gjennom heile 2026.
Dette gjekk for 15.000 kroner.
Kjole av designar Mads Søreide
Kjole frå Noregs mest lovande, internasjonale designtalent, levert med innramma og signert originalskisse.
Her var høgste bud 15.100 kroner.
Norseman Xtreme Triathlon
Startnummer til verdas tøffaste triatlon kunne du også by på, med start i Hardangerfjorden og slutt på Gaustatoppen.
Dette gjekk for 200.000 kroner.