Hopp til innhold

Turistane strøymer til nytt utkikkspunkt

GAULARFJELLET (NRK): Ein månad etter opninga syner det seg at det nye utkikspunktet på Gaularfjellet har gjeve ein formidabel turistvekst. Lokale reiselivsbedrifter jublar.

turistar
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi heisa flagget den dagen utkikspunktet opna, og sidan den tid har vi hatt ei tredobling av besøkjande, seier Heidi Vallestad som driv Flatheim friluftsgard i Viksdalen.

Ho er ein av fleire reiselivsaktørar i området rundt Gaularfjellet som har opplevd ei veldig auke i turistbesøk i sommar.

– Det er heilt suverent, vi har hatt ein enorm vekst. Vi er nesten teke litt på senga av denne veksten, seier Vallestad.

Utkikspunktet er eit 800 kvadratmeter stort betongflak med sitjeplassar og toalett. Herifrå har ein ei spektakulær utsikt over eit fjellområde med toppar opp mot 1500 meters høge. Faktisk har staden så fin utsikt at den sidan 1938 berre har vorte kalla "utsikten".

Utsikten

ARKITEKTUR LOKKAR TURISTAR: utkikkspunktet på Gaularfjellet har fått ei ganske særeigen utforming, og det har også vore litt av poenget. Kombinasjonen norsk natur og moderne arkitektur er nemleg i vinden som turistmål

Foto: Code Arkitektur / CODE ARKITEKTUR

Som i gode gamle dagar

– Vi er litt tilbake til gode gamle dagar då dette var hovudvegen gjennom fylket, seier Vallestad. For ho er den stadig aukande duren av bilar over Gaularfjellet som musikk i øyra.

vallestad

NØGD: Heidi Vallestad er strålande fornøgd med det nye utkikspunktet, og auka det har gjeve til turtistgarden ho driv

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallestad trur at den auken ein no ser berre er byrjinga for denne "renessansen" for gaularfjellsvegen. Ho håpar at lokale aktørar no vil gå saman for å utvikle seg i møte med den veksten som ein no ser.

– No må alle tenkje at vi skal halde fram med å ha ei auke. Vi har allereie starta eit nettverk her langs vegen, og kanskje vil også fleire henge seg på. Eg trur kapasiteten i år er sprengd, så her må ein hive seg rundt.

vallestad2

GARDSTUN: Heidi Vallestad driv Flatheim friluftsgard i Viksdalen. Her kan ein bu i eit gamalt gardstun, eldste bygningsmassen er frå 1500-talet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rekordmange middagsgjester

Lenger nede på Gaularfjellet ligg serveringsstaden Eldalstunet. Her har Henning Skilbrei og Marit Eldal servert middagsgjester kvar sundag dei siste ti åra, og førre sundag sat dei rekord med 156 middagsgjester.

eldalstunet
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Mi oppfatning er at nesten alle vi snakkar med anten har vore på "utsikta", eller dei skal der etterpå, seier Henning Skilbrei.

Håpar opprusting av vegen står for tur

Men ikkje alle er like begeistra for den nye turistmagneten. Sjølve gaularfjellsvegen har sett sine beste dagar, og ikkje alle forstår kvifor ein no nyttar 20 millionar kroner på eit utkikkspunkt for turistar, i staden for å ruste opp vegen.

Gaularfjellet

TRENG OPPRUSTING: Gaularfjellsvegen treng kanskje opprusting, men han er likevel eit fint syn ifrå den nye utkiksposten

Foto: Nasjonale turistvegar

Heidi Vallestad på si side trur veksten i turisttrafikk kan vere det ein treng for å leggje press på for å få ein betre veg.

– Pengane til dette utsikta er jo øyremerka for slike prosjekt. Om Vi ikkje hadde teke i mot dei, vil nokon andre fått dei i staden. Vi håpar jo også på ei betring av vegen her, og kanskje er det denne auka her som skal til for å få til det, seier Vallestad. ​